Sport | 01. sep. 2018

Barnas Dag blei stor suksess

VIDEO: Høgt aktivitetsnivå og nesten full tribune.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. sep. 2018 16:31

Bildeserie:

Godt med publikum på kamp etter aktivitetane var over. (Foto: KVB)
Godt med publikum på kamp etter aktivitetane var over. (Foto: KVB)
Os vann 6-0. (Foto: KVB)
Os vann 6-0. (Foto: KVB)
1 av 2
Godt med publikum på kamp etter aktivitetane var over. (Foto: KVB)
Os vann 6-0. (Foto: KVB)

I dag fekk Os Fotball testa ut ein ny type arrangement - Barnas Dag - med to timar gratis gøy for dei yngste og fri entré på tribunen for born og vaksne etterpå.

• Les òg: To timar med leik - tom timar på tribunen

– Vi har ikkje eksakt tal, men eg trur vi hadde mellom 200 og 300 ungar her i dag. Vêret var fint og eg trur alle hadde det gøy, seier initiativtakar Mats Cato Moldskred.

Ungane kunne sjølv delta på dei aktivitetane dei ønskte. I periodar var det lang kø på både boblefotball og hoppeslott/rutsjebane, ansiktsmaling, skotradar og hurtighetsmålar var òg populært.

Etter to timar var det kamp, Os mot Loddefjord.

– Nokre av deltakarane var så unge at dei hadde foreldra med seg, andre var i ungdomsskulealder. Etter to timar med aktivitetar var det nok enkelte som gjekk heim, likevel var det 640 på tribunen.

• Les òg: Os knuste Loddefjord

– Eg håper nokre av dei som såg kampen, som ikkje er så ofte på Kuventræ, no får lyst til å koma igjen og følgja oss utover hausten på veg til opprykk, seier Moldskred.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.