Baste best mot Gneist
Baste Jonassen putta tre mål då Lysekloster tok ein suveren siger over Gneist.
Lysekloster held fram med sigersmarsjen mot 3. divisjon. Fredag tok serieleiaren imot Gneist på 11. plass i det som blei ein underhaldande heimekamp.
Lysekloster - Gneist 8-3 (3-1)
Målskårarar, Lysekloster: Baste Jonassen 3, Christoffer Robin Larsen 2, Christian Almeland, Frode Bergum Hansen og Thomas Greipsland.
– Det blei ein veldig fin kamp av oss og ein strålande kamp av Baste Jonassen, skryter trenar Ørjan Sandal.
Baste blei toppskårar med 3 mål, Christoffer Robin Larsen putta 2. Også tidlegare Os-spelar Christian Almeland hadde nettkjenning i den målrike kampen.
Lysekloster ligg på topp av tabellen med 43 poeng på 17 kampar (14-1-2). På 2. plass ligg Brann 3 med 34 poeng på 16 kampar og Lyngbø med 33 på 15 kampar.
– Vi rykte litt frå førre helg, men det er framleis liten avstand til 2. og 3. plassen, sidan dei har 1 og 2 kampar færre enn oss, seier Sandal.
Lysekloster hadde fleire spelarar ute med skade før kampen fredag, blant anna måtte Johannes Jordal kasta inn handkledet allereie under oppvarminga.
Laget som starta mot Gneist: Ole Kristian Olsen, Frode Bergum Hansen, Kim Krogsethagen, Steffen Finsådal, Steffen Vindal, Frode Buvik, Baste Jonassen, Christoffer Robin Larsen, Morten Sætre, Torbjørn Birkelund og Christian Almeland.
Innbytarar med speletid: Thomas Greipsland, Andreas Fosse og Jan Even Frøyset.