Næringsliv | 04. juni 2009

Båt eller hytte?

Den ser ut som ei flytande, moderne hytte, men dette er ein romsleg båt innreia med stove, kjøkken, tre soverom – og badstove.

Båt eller hytte?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. juni 2009 09:53

Bildeserie:

1 av 6

Er du på jakt etter ein svært romsleg båt, eller ei hytte på sjøen? Hausten 2007 skreiv vi om ein spesiell båt som låg til kai ved Vedholmen Landhandel. No er båten innreia og klar for sal og serieproduksjon.

- Det siste året har gått med til testing, utvikling og innreiing av prototypen. Det har vore ein veldig spennande, men krevjande prosess, så no skal det bli godt å presentera den, seier bergensaren bak som står bak prosjektet, Alexander Meyer.

På jakt etter ”landsted”? Kva med eit ”vannsted”?
Meyer trur at folk på hyttejakt, som slit med å finna seg ein fin plass ved sjøen, vil fatta interesse for produktet.

- Å få lov til å bygga i strandsonen er veldig vanskeleg. Det er til og med problematisk å få lov til å innreia eit naust med bustandard. Eg meiner reglane er for strenge, og håpar eg kan vera med på å gjera det lettare for folk å få mykje fin fritid ved sjøen, seier Meyer.

Denne veka lanserte han nettsida vannsted.no, som presenterer produktet både som båt og som husvære på sjøen.

- Vannsted er CE-merka som fritidsbåt klasse C, som betyr at den er godt eigna innaskjers, tilsvarande skjergardsjeep eller daycruiser. Båtar med meir preg av å vera hus har allereie vore testa i rettssystemet, så der er vi på trygg grunn, forsikrar han, og viser til ”Levebåten Maria”.

Denne kan du sjå bilde av her. Regelverket kan du lesa meir om her.

Romsleg og robust
Vannsted er ein 40 fot lang, 21 fot brei katamaran. Prototypen blir drive med to dieselmotorar, kvar på 65 hk. Båten er innreia med kjøkken, stove, tre soverom, kontor, bad og badstove. I tillegg har den ein takterrasse på nesten 80 kvadratmeter.

- På sidene, der pontongene er, har båten to etasjar. I midten er det éin etasje. Til saman er det 75 kvadratmeter ståhøgd under tak, i tillegg kjem takterrassen på 78 kvadratmeter, og ein 6 kvadratmeter terrasse under tak på dekk.

Båten har toppfart på 8 knop, marsjfart er på rundt 6-7 knop.

- Medan eg innreia båten låg den ytst på ei flytebrygge på Alvøen, ganske vêrhardt til. Eg har også testa den i liten storm, og med 35 om bord, og den er svært stabil og fin i sjøen.

Han seier båten også kan byggast for større sjø, og klassifiserast i klasse B. Vil du har større plass kan du også bygga inn takterrassen så du får to etasjar også på midten.

Med støtte frå Innovasjon Norge
Prototypen er produsert i Sverige, men fleire har gjeve pris på serieproduksjon av båten. Meyer har fått støtte av Innovasjon Norge, og fleire underleverandørar har sponsa med gode prisar på produkt til innreiing.

- HTH har levert kjøkkenet, og dei har vore heilt fantastiske. Også Tylö har vore ein god samarbeidspartnar, med moderne IR-badstove med plass til tre-fire personar.

Sjølve huset er bygd i sandwich-glasfibermateriale, veggane er 10 cm tjukke og taket er 15 cm tjukt.

- Båten held isolasjonskrav til husvære frå 2001, og er godt eigna til heilårsbruk. Eg har sjølv testa den om vinteren, og det er ikkjeteikn til gjennomslag av fukt eller liknande problem som båtfolk er vane med.

- Kva kjem båten til å kosta?

- Du kan få den ferdig innreia med bra standard for like under to millionar kroner. Men du vel mykje sjølv, kor stor motor du vil ha og kva type innreiing. Her treng du ikkje skreddarsydde møblar, sofa, kjøkken og spisebord kan du handla på vanlege møbelforretningar.

Over helga blir båten presentert for publikum og presse for første gong, på Vågen i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.