Lokal | 15. jan. 2019

Båt frå Os gjekk på grunn i nord

– Alt gjekk fint med mannskapen, det er det viktigaste, seier eigar.

Båt frå Os gjekk på grunn i nord
MS Ringaskjær. (Foto: MarineTraffic/Ronny Sydnes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. jan. 2019 09:18

Fire båtar og helikopter blei sendt ut då det laurdag kveld kom melding om båt på grunn ved øya Hekkingen på nordsida av Senja i Troms.

– Situasjonen var usikker ei stund, seier Vidar Johnsen, skipper om bord i redningsskøyta «Oscar Tybring IV», til Nordlys, ifølgje avisa Folkebladet.

Redningsskøyta brukte halvannan time ut til havaristen, og då hadde båten kome seg av grunn. Den tok inn vatn, og hadde sløkt maskina, men fekk hjelp til lensing.

– Ut av kurs grunna vind og straum

Den aktuelle båten, MS «Ringaskjær», er ein av Inka AS i Øyane sine to fartøy.

– Eg har fått forklart av dei om bord at vind og straum tok tak i båten i eit sund, og at det blei vanskeleg å retta den opp igjen, fortel eigar Karsten «Kakki» Austevoll.

Båten gjekk på ei undervannsgrunne og tok inn vatn.

– Det var nok litt dramatisk der og då, men alt gjekk heldigvis fint med alle fire om bord, det er det viktigaste. I tillegg gjekk alt bra med maskina, det var bere skroget som blei skadd.

Båten står no på slipp i nord.

Utvida kapasiteten for sju år sidan

Inka AS, som i hovudsak driv med fiskeforedling, omsette for 70,3 millionar kroner og gjekk med 9,5 millionar i overskot i 2017.

• Videoreportasje: På Innsio - Inka

Austevoll har drive med fiskeforedling i Gjelevika i Øyane sidan tidleg på 80-talet, og har samtidig drive lastebåt for fisk.

– MS «Fjordboy» blei etterkvart for liten for enkelte jobbar, så vi utvida med MS «Ringaskjær» for rundt sju år sidan.

Fjordboy er 21 meter lang, Ringaskjær er 42,4 meter.

Båten fraktar fisk for både oppdrettarar og fiskarar, både i nærområdet og i nord.

– No for tida går den med NVG-sild frå feltet, fangst som småbåtar har lagt i merd, og inn til mottak på Senja, fortel Karsten, som håper å få båten raskt i drift igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.