Lokal | 13. juli 2010

Båt gjekk bananas

Ein ung båtførar var uheldig då han slepte kameratane sine på ei «banan »i dag. Turen enda i vertikal stilling oppetter ein annan båt.

Båt gjekk bananas
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. juli 2010 19:37

Tysdag ettermiddag enda leik i ulykke, heldigvis utan personskade.

Ein gut som slepte to kameratar etter ein eldre Askeladden 14 fot kjørte i ein utriggar på ei flytebrygge og trefte ein rundt 20 for stor Ibiza med eit brak.

Båten blei ståande i nesten loddrett stilling til vaksne vitne kom til og løfta den av. Den store påhengsmotoren på ibizaen blei ikkje råka, men begge båtane fekk lettare skadar i plasten.

Den unge båtføraren sa at motoren hadde låst seg, og at det var årsaka til uhellet. Gutane la igjen kontaktinformasjon for at naboane skal gje dette vidare til eigaren av den skadde båten.

Uhellet skjedde i Søre Øyane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.