Lokal | 20. sep. 2018

Båt har stranda i Moldafjøra

– Denne bør nokon henta, seier turgåar.

Båt har stranda i Moldafjøra
Turgåar tipsar om båt på land i Moldafjøra. (Lesarbilde: Jens Jacob Lund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2018 17:45

Restane av stormen «Helene» kom til Os onsdag kveld. I dag ligg det mange velta tre og nokre skadde brygger igjen.

Ein turgåar reagerte i går på at ein båt, som har lagt på svai 20-30 meter frå land i Moldafjøra, ikkje var tatt til lunare farvatn før stormen kom.

I dag ligg båten i fjøresteinane.

– Eg og kona går ofte tur i området, og i går snakka vi om at denne burde vore fjerna før stormen kom. No ligg båten i fjøresteinene, og den har nok fått nokre skadar, seier Jens Jacob Lund.

Midtsiden har varsla Os brannvesen, som tar hand om akutt forureining, og som no rykker ut for å sjå på båten.

– Vi håper båteigar dukkar opp, om vedkomande ser saka i Midtsiden, seier Anne Kjersti Storebø.

Det bles framleis litt friskt i Os, og frå fredag kveld til laurdag formiddag er det meldt vindstyrke på rundt 10 m/s frå nord og seinare frå vest.

OPPDATERT: Då brannvesenet kom fram var eigar på plassen. Båten blir tatt hand om.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.