Båt i nød i Langenuen
Redningsaksjon ved Bølevika.
Måndag i 06.50-tida kom det mayday-signal frå ein båt i Langenuen.
– Båt på grunn. Tre personar om bord. Redningsressursar er på veg, opplyste Hovedredningssentralen litt over klokka 07.
– Ein av dei tre skal vera skadd, legg Vest politidistrikt til.
Ambulansebåt og helikopter er blant ressursane som er sendt til staden.
Oppdatert: Redningsmannskap har kome fram til havaristen.
– Dei har kontakt med personane om bord, opplyser politiet.
Ifølgje Marinetraffic er både ambulansebåt og ein mob-båt frå Sjøforsvaret på plass.
– Båten er opplyst å vera cirka 30 fot lang. Den står no plassert på ein holme.
Dei tre om bord er frakta med ambulansebåt til Haukeland universitetssjukehus for sjekk. Alle tre er bevisst, men skadeomfang er uvisst.