Denne båten sleit med seg svaibøyen, men skal no vera redda med tau i brygga ved Vindu mot Fjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Uvêret direkte

Stormen Helene: Båt og brygge sleite seg - tre velta over hus og Hatvikvegen.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I tillegg til innstilte ferjer og benk gjennom restaurantvidauge er det fleire som slit i uvêret.

I Os hamn innanfor moloen på Steinneset har ein båt slite med seg svaibøye og var nær på å slå oppetter land. Men son til båteigar har saman med naboar i hamna fått festa båten mellom bubilparkeringa og brygga ved Vindu mot Fjorden.

Marinaen som ligg innanfor ytste del av moloen har mista både ein utriggar og landgangen.

Tre velta over hus

I 21-tida kom melding om velta tre over ein bustad i Utgjerdet, ved Oshaugen i Os sentrum.

Les meir og sjå bilde

I tillegg er fleire tre velta (oppdatert):

• Peppes, Os kai: Eitt tre ligg over delar av parkeringsplassen

• Hegglandsdalen: Eit tre var velta delvis over ein veg, dette er no fjerna

• Strønevegen, nær avkøyrsla til Askvikneset, stikk delvis ut i vegen

• Torkjelsvegen: Tre sperrar veg inn til ein bustad

Klokka 23.20: Tre og stolpe velta over Hatvikvegen

Litt over klokka 23 fekk vi melding og bilde av velta tre som har ført til velta lyktestolpe, som no heng skrått over Hatvikvegen.

– Folk som bur i området er utan telefon og internett, fortel tipsar.

Tidlegare i kveld har eit tre velta over Særvollsvegen, men dette er kappa opp og rydda vekk.

– Folk bør halda seg inne!

Brannvesenet har delt vaktlaget, i skrivande stund er éin del i Askvik og éin i Torkjelsvegen på Søre Neset.

– Vi ønskjer å åtvara folk mot å gå utandørs. I tillegg til at tre kan velta kjem det gjenstandar flaksande, seier Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.

Straumbrot i Lysefjorden

I Bergen har fleire tusen vore utan straum, i Os er det ifølgje BKK sitt kart over straumbrot ingen abonnentar utan straum i skrivande stund.

Men klokka 21.20 fekk vi tips med skjermbilde som viser straumbrot i Lysefjorden, frå Ulven leir via både Åsen og Søvikåsen til Buena og Drange.

Klokka 23.15 er hus i Rolvsvågen og innover i Samnager utan straum, til saman 957 bustadar er råka.

Fleire saker