Lokal | 11. juli 2009

Båt stolen i Strøno

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juli 2009 23:16

Klokka 20.20 meldte ein båteigar frå om tjuveri frå Lønnevågen i Nordstrøno.

- Ein Wahoo 18 fot med 150 hk påhengsmotor er sakna, fortel operasjonleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad til midtsiden.no.

Wahoo er namnet på ein barracuda-liknande fisk, men også på nokre fiskebåtar.

På Google fann vi desse bilda då vi søkte etter "wahoo boat".
(Midtsiden.no veit ikkje om den stolne båten liknar 18-fots modellane på bilda).

Meldte frå om tigging
I 19.30-tida kom det melding om ein som gjekk på dørene til folk på Nedre Lekven for å tigga.

- Innringar syntes ikkje det var kjekt å få tiggar på huset sitt, og skal ha sett at vedkomande også tok i handtaket på nabohuset, seier Wallestad.

Politiet har ikkje hatt patrulje på Lekven for å sjekka ut tiggaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.