Skulle berga båt - fann kvilande kaptein
Rykte ut på melding om seglbåt på rek.
Onsdag i 11.30-tida fekk Hovedredningssentralen melding om båt på rek midtsfjords, sør for Os.
– Den skal ligga cirka to kilometer utanfor Lekvenvågen, og driv utover, seier brannsjef Eivind Hovden.
Han har sendt mannskap til Halhjem, der brannvesenet har Unik-båten liggande.
– Vi har ingen indikasjonar på at det er folk om bord eller personar i nød, men er på oppdrag for HRS for å hindra at båten er til fare for annan ferdsel.
Mens vi snakka med brannsjefen fekk han indikasjon på båttype og storleik.
– Det skal vera ein seglbåt på rundt 35 fot. Det blir opp til HRS kvar vi fortøyer den, men når båten er av denne storleiken håper vi den er registrert, og at vi raskt får kontakt med eigar.
Det har ikkje vore vanskelege vêrforhold i Bjørnafjorden i det siste, og det er uvisst kvifor båten har hamna på rek.
OPPDATERT kl 11.58: Det viste seg at det var folk om bord i båten.
– Vedkomande hadde tatt seg ein strekk, fortel Hovden.
– Hadde han anker ute?
– Det veit vi ikkje, men han skal ha hatt kontroll på skuta og både segl og motorkraft til å koma seg heim.