Veka før jul fekk politiet melding om tjuveri av påhengsmotor i Kvernavika på Strøno og tjuveri av båt med motor i Nordstrøno.
– Vi har fått tips etter tjuveriet i Kvernavika, men har førebels ikkje gode spor å jobba etter, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.
Men båten som var sakna frå Nordstrøno, ein Yamarin med 15 hk, er funnen.
Redda av nabo
Båten som var sakna frå Nordstrøno låg i bøye utanfor nedlagte Forstrønen Landhandel.
Eigar, Wenche Forstrønen, vaks opp på Strøno, men bur no i Bergen. Familien har nyleg bygd hytte på Forstrøno.
– Svigerinna mi diskuterte tjuveriet med ein annan frå Strøno, og vedkomande kunne fortelja at båten ikkje var stolen.
– Ein som har naust i området hadde redda båten då han hadde slite seg og kome inn mot land, fortel Wenche.
Var nær på å kjøpa ny båt
Naust-naboen som redda båten skal ha slept den på land og lagt den bak eit naust.
Båteigar fortel at dei, etter å ha meldt ifrå til politiet, kontakta forsikringsselskap og starta jakta på ny båt.
– Heldigvis hadde vi ikkje kjøpt ny båt. Men det var rett før, fortel Wenche.
– Vi har ikkje snakka med han som redda båten enno, han har visst vore på reise. Han rakk sikkert ikkje melda ifrå, eller kanskje han trudde at vi ville finna båten på land og ikkje tru at den var stolen.
– Mannen min har vore og sett på den, og den ser uskadd ut. Vi er veldige takksame for hjelpa og glade for å ha funne båten vår igjen.