Båtførar står fram
Ein ungdom har i avhøyr innrømt å ha kjørt Hydroliften som flaksa over Havreholmen for ei drøy veke sidan.


Rundt midnatt fredag 7. august (medan Midtsiden-redaksjonen var på ferie) kjørte ein Hydrolift over Havreholmen i Lysefjorden. Ein redningsaksjon blei starta, men så kom det melding om at alle dei seks ungdomane om bord var uskadd.
Etter samanstøyten kjørte båten vidare og la til land ved gjestebrygga på Os. Laurdag formiddag fekk brannvesenet melding om at ein båt heldt på å gå ned, og kom til for å pumpa. Båten blei seinare same dag løfta på land med kranbil.
Politiet kom i kontakt med eigaren, som er frå Bergen, og har seinare hatt fleire personar inne til avhøyr.
- No har ein av dei innrømt at det var han som kjørte. Båten hadde han lånt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik til midtsiden.no.
- Har de mistanke om at båtføraren har gjort noko straffbart?
- For det første reagerer vi på at ikkje dei i båten sjølv meldte frå, for det andre er det mogleg at førar har hatt promille eller har vore uaktsam.
Saka blir etterforska vidare.