Båtpromille og skyting
Torsdag kveld fekk politiet melding om mogleg båtpromille, natt til fredag kom melding om skyting med luftgevær.
Torsdag i 20.20-tida fekk politiet melding om mogleg promillekjøring med båt.
– Ein kvit båt med raud kalesje skal ha kjørt i Skeisosen med mange fulle folk om bord, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.
Os lensmannskontor kontakta politibåten Kjølen, men denne var opptatt.
Unge menn med luftgevær
Klokka 00.30 i natt kom meldinga om skyting ved Søfteland skule.
– Vi rykte ut og møtte to menn med eit luftgevær med kikkertsikte på.
Dei to er i starten på 20-åra.
– Vi reagerer på både stad og tid på døgnet desse dreiv skyting. Vi tok beslag i luftvåpenet og følgjer opp saka.
Fin kjøring på Lepsøyvegen
Klokka 18.50 hadde politiet trafikkontroll ved Hagavik Hjemmebakeri.
22 bilar blei kontrollert, men det blei ingen reaksjonar.
I 19-tida hadde politiet ei avskilting ved Esso i Os sentrum.