- Batteriet var flatt!
Os sløste med sjansane, men vann 2-1 heime. I går blei det tap for Fyllingen 1.


- Eg hadde venta meir av dei, men fekk ikkje respons. Vi kan takka svak innsats og flatt batteri for 2-0-tapet, seier trenar Øyvind Steffensen.
På heimebane vann Os junior elite 2-1, trass i stort sjansesløseri. I går var Fyllingen best.
- Det verkar som om spelarane har lagt seg litt nedpå etter at dei berga plassen i eliten for neste år.
- Men slik er det av og til, det går i bølgjedalar. Gutane har gjort ein kjempejobb som har klart å halda seg, dei er unge og har utvikla seg mykje gjennom sesongen. De lover bra for neste år, seier Steffensen.
Avsluttar med toppmøte på heimebane
I det som blir ei helg i fotballens teikn, med MidtsidenCup, serieavslutting for A-laget og opprykkskamp for Os 2, skal også juniorane i elden.
Sundag klokka 18 møter dei serievinnar og krinsmeister Fana på heimebane. I vår blei det 4-0-tap for Os.
- Dei er nok innstilte på å gjera ein god heimekamp, så det kan bli spennande, trur trenaren.
Med siger kan Os klatra til 5. plass, med tap held dei uansett på 7. plassen.
SJÅ TABELL