Lokal | 17. mai 2009

A beautiful day!

Strålande vêr, rekordlangt tog og flotte innslag! Her kan du sjå fleire bilde frå feiringa på Os.

A beautiful day!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. mai 2009 21:26

Regnet kom ikkje før i 23-tida sundag 17. mai. Sola strålte omtrent heile dagen, temperaturen var meir enn høg nok og vinden passeleg så det blafra i flagga.

Også i år gjekk toget frå skuleplassen og vidare gjennom sentrum forbi posten. I år var toget så langt at då spissen kom ned igjen til brua så sto det framleis fleire russebilar som ikkje hadde kome over på veg til sjukeheimen.

Beste innslag
Os brannvesen, som stilte for første gong på minst 7-8 år, vann pris for beste innslag i toget.

- Nokre av dei tilsette spurde om ikkje vi kunne gå i tog. Vi tok med oss ei gamal vogn med ein 12 meter høg stige på. Dette er ei handvagn som blei kjøpt i 1935 til bruk i sentrum, og den er framleis i god stand, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

- Det var kjekt å gå i tog med kollegaene, så dette kjem vi nok til å gjera igjen.

Stal showet
Det var mange fine innslag på scenen på Kyrkjeflaten òg. Kuventræ barnekor opna med "Mamma Mia" og heldt fram med fleire kjente norske songar. Eit Join Us-band med vokalist Richard Myhre Gåssand fekk verkeleg fart i publikum, med U2-låta "A beautiful day".

Då russepresident frå Os Gymnas, Marcus Dalland, gjekk på scenen, blei det også liv i leiren. Først fordi russen vakna til liv då ein av gjengen skulle i elden, men også fordi Marcus heldt ein god og morosam tale.

Talen handla om kor lett hans generasjon har hatt det - og korleis han og resten av kullet no skal ut og visa kva dei er gode for, anten på høgskule eller i arbeidslivet.

- Det går ikkje ein dag utan at far min spør, anten om ikkje eg snart skal få meg jobb, eller om ikkje eg snart skal flytta ut, sa tysnesingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.