Norges Fotballforbund presenterte laurdag klokka 14 avdelingsoppsetta for 3. divisjon 2015.
Etter o år med lokaloppgjer i Osbygda er det slutt på det neste år (om ikkje Os og Lysekloster møtast i cupen då).
Det gjer at, om dei ambisiøse måla i begge klubbane oppfyllast, Os og Lysekloster kan rykka opp til 2. divisjon - frå kvar si avdeling.
Os Fotball har hamna i avdeling 6 med laga nedover mot Rogaland: Stord, Vard Haugesund 2, Haugesund 2, Åkra, Kopervik, Vardeneset, Staal Jørpeland, Madla, Viking 2, Brodd, Randaberg, Vaulen, Riska
Lysekloster slepp (i alle fall reisemessig) billigare frå det i Hordaland-serien: Fyllingsdalen 2, Bjarg, Arna Bjørnar, Lyngbø, Varegg, Tertnes, Loddefjord, Nest Sotra 2, Brann 2, Sotra, Øystese, Austevoll og Vadmyra.