Sport | 07. okt. 2017

Begge topplaga vann

Lysekloster tok ein fin siger over Varegg på bortebane og held fram med å ligga a-poeng med Brattvåg.

Begge topplaga vann
Heimekampen mot Varegg (bildet) enda 1-1, borte i dag vann Lysekloster 1-3. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. okt. 2017 15:22

Varegg - Lysekloster 1-3 (0-0)
Målskårarar, Lysekloster: Armin Pasagic, Stian Dyngeland og Espen Birkeland.
Lysekloster: Kjetil Hansen - Sigve Rørstad, Mirza Mujcic, Kasper Hjørngaard, Thorvald Trætteberg, Espen Birkeland, Joakim Helland, Ole Thomas Herrem (Ken-Joar Føyen), Stian Lønne Dyngeland, Armin Pasagic (Denis Ljubovic) og Kristoffer Østervold.

Lysekloster kjempar om opprykk og ligg på 2. plass med same poengsum som serieleiar Brattvåg.

I dagens bortekamp mot Varegg sto det 0-0 til pause.

Varegg tok leiinga på noko som er notert som sjølvmål i 52. minutt, 4 minutt seinare utlikna Armin Pasagic til 1-1.

Stian Dyngeland gav Lysekloster leiinga i 73. minutt, Espen Birkeland auka til 1-3 i 88. minutt.

Brattvåg er suveren på målforskjell og slo Brann 2 1-2 i dag.

Dermed er dei to like langt før dei to siste rundane.

Lysekloster speler heime mot Sotra og borte mot Brann 2 i serieavsluttinga, Brattvåg har heimekamp mot Haugesund 2 og bortekamp mot Os i innspurten.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.