Sport | 31. aug. 2012

– Beina ser ikkje klok ut

I natt kom han inn på beste norske tid og plassering nokosinne. Her fortel Thomas Andersen om det 11,6 mil lange fjellløpet i Alpene.

– Beina ser ikkje klok ut
Thomas fekk med seg det norske flagget i innspurten i Chamonix, etter 17 timar med løping i fjellet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2012 13:34

Torsdag deltok Thomas Andersen i eit 11,6 mil langt fjelløp frå Italia forbi Mont Blanc til Chamonix i Frankrike.

7.150 høgdemeter kjempa han seg gjennom før han etter 17:02:55 kom i mål på 11. plass av 1.400 kvalifiserte løparar.

– Det var forferdeleg slitsamt, men for eit fantastisk publikum, seier Thomas dagen derpå.

Trong start

Andersen fortel om god organisering og stor interesse for fjelløpet, som er delt i ulike typar løp desse dagane. Klokka 04.30 torsdag morgon var det hans tur til å setja seg på ein buss og kjøra gjennom Mont Blanc-tunnelen til Italia.

Thomas valte TDS (Sur les Traces des Ducs de Savoie), som han ser på som det mest teknisk krevjande løpet, med mykje opp og ned og stort sett i terreng.

– Det var fellesstart og eg trudde eg hadde god posisjon i det enorme feltet, men då starten gjekk såg eg at det var veldig mange framfor meg. Turen starta gjennom ein landsby med tronge gater og mykje publikum, så eg brukte ein del tid på å koma meg forbi.

Men så heldt turen fram opp ei alpinløype og då blei det meir strekk i feltet.

– Publikum overalt

Thomas fekk tidleg inntrykk av at interessa for løping er stor i Alpene. Store mengder sportsbutikkar med enormt utval møtte han i Chamonix, som er kjent som stor vinterdestinasjon.

– Det var også mykje presse, filmkamera, helikopter og show. Også på toppane og i dei små landsbyane, sjølv om det regna tett, sto det folk og heia.

– Namnet mitt sto på trøya og er rimeleg lett å uttala, så eg fekk ofte høyra "bravo, Thomas!", til og med frå ein familie som brukte den våte kvelden til å stå i garasjen sin og heia på dei som kom forbi.

Sprang feil

På den eine matstasjonen fekk Thomas høyra at han låg på 31. plass. Så sprang han feil.

– Eg skjønte at eg låg greit an, men visste ikkje kor mange som hadde passert meg og dei andre som kom skeivt ut av matstasjonen.

– Men så kom eg til ein nedoverbakke der eg passerte sikkert 15 deltakarar. Då tenkte eg at eg sikkert låg greit an igjen.

Tungt i høgda

Store delar av løpet går i over 2000 meter høgde. Han som vann er ifølgje Thomas frå Nepal og bur cirka 4000 meter over havskorpa. Han slo Thomas med rundt 2,5 time.

– Det var veldig tungt i høgda, som om beina ikkje ville. Med ein gong vi var nede i ein landsby kom det seg igjen. Kanskje eg bør kjøpa meg ei hytte i Alpene og bruka den som treningsleir, spøker han.

Blei nesten psyka ut

Då Thomas var 10,5 time ut i løpet, like lang tid som han brukte då han vann knallharde Hornindal Rundt (75 km), var han like sliten som då han kom i mål på det tøffaste norske fjelløpet.

– Eg heldt same tid på dei første 75 km som då eg kom i mål i Noreg på 75 km, så det var tøft å veta at eg enno hadde cirka 36 km igjen.

Thomas fortel om bakkar like bratte som Stoltzen, men mykje lengre. Og det var like bratt ned igjen. På kvelden såg han hodelyktene til dei framfor seg, som då bakken var bratt nok såg ut til å vera oppe ved stjernene.

– Då eg kom ned den siste bratte bakken visste eg at det var 10 km på grus igjen. Men det var ikkje flatt, det var kupert, og for heilt øydelagte bein var dette forferdeleg å springa på. Eg var sikker på at nokre av dei eg hadde passert ville ta meg igjen og eg hadde berre lyst til å setja meg ned å grina.

– Heldigvis gjorde eg ikkje det, og ingen tok meg igjen, så det heldt til 11. plass og ei god tid.

Til Kypros for å gro

I går var han lei og ville ikkje ha den einaste maten som var å få tak i etter målgang.

– Eg heldt på å spy av bananer og kjeks, det same som vi fekk på alle matstasjonane, så eg gjekk berre rett på hotellet for å få av meg skoa og sjekka skadeomfanget.

– Beina ser ikkje klok ut, det er berre blemmer og lause neglar etter 17 timar med våte bein i aksjon i fjellet.

I dag ser Thomas fram til sjølv å vera publikum ved eit av dei andre løpa i området.

– Og så er det heim for å pakka til sydentur, no skal eg til Kypros for å gro, ler Thomas, letta over å ha fullført og over å ha klart målet, koma på topp 20 av 1.400 løparar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.