Benjamin Langeland (t.h) saman med Marcus, ein av hovudpersonane i filmen om motgangssupporterane (foto: Flimmer Film)

Benjamin med supporterfilm

«Motgangssupporteren». Osingen Benjamin Langeland debuterer som regissør ved å følgja dei ekte Brann-supporterane gjennom nedtur og opptur. Onsdag blir filmen vist på TV2.

Av: Andris Hamre

Til helga startar Tippeligaen.

Tilbake i det gode selskap er Brann etter ein sesong i OBOS-ligaen, når dei møter Strømsgodset på Marienlyst.

Dei ekte supporterane

Benjamin Langeland og kollegaene i Flimmer Film har vore med på reisa. Frå desember 2013, då Rikard Norling blei presentert som ny Brann-trenar og det var hallelujastemning på Stadion, dei har vore med på nedrykket i 2014 og turen tilbake til eliteserien i førre sesong.

Ikkje rundt laget eller med fokus på det som skjedde på banen, men saman med Marcus, faren, Bergens Glade Gutter og dei andre supporterane på tribunen. Ikkje dei som du kan lesa om i avisa, som slåst og lagar bråk, men saman med dei med hjartet utpå drakta, som søv, ét og lever for og med Brann.

– Filmen handlar om dramatikken på tribunen. Om dei som har funne eit samhald like sterkt som ein religion i supportermiljøet. Dei som maler flagg, står og syng og dansar og som lir med laget når det går dårleg og jublar når det går bra.

– Eg ville med filmen forsøka å fjerne den stigmaen som er om at det berre er vald, fyll og hooligans i supportermiljøa, fortel Benjamin Langeland.

Fekk ansvaret

Filmen blei til med bakgrunn i at Flimmer Film sat på materialet frå då Rikard Nordling blei tilsett i klubben.

– Eg klipte saman ein teaser av det materialet, som kjapt blei plukka opp her på huset og vist til TV2. Dei ville at vi skulle gå vidare med den og eg fekk ansvaret for å dra det heile i land, fortel Langeland.

Debuten som regissør

Dermed blei filmen til Langeland sin debut som regissør.

– Det å vera regissør er som å vera kapteinen på laget. Du skal trekke saman alt av fotografar, produsenter og andre. Til sjuende og sist er det du som regissør som bestemmer korleis filmen skal bli.

– Det var ein kjempestor vanvittig moglegheit dei gav meg, men det har vore ei lang reise over lang tid.

Manglande fotballinterresse – ein fordel

Langeland fortel at han ikkje er fotballinteressert i det heile tatt.

– Eg finst overhode ikkje fotballinteressert. I starten opplevde eg det kanskje som eit handikap, men etterkvart byrja eg å skjønna at det kanskje var styrken min. Det var supporterane og menneska eg ønska å skildra, ikkje fotballen.

– Sjefen min skjønte nok det mykje fortare enn eg gjorde då han gav meg ansvaret, seier den unge regissøren.

Litt fotballinteresse skulle han nok likevel ønskt at han hadde.

– Då hadde i alle fall timane på Stadion gått fortare, seier han og ler, om dei mange timane på tribunen, på reise med supporterane og i miljøet rundt klubben.

Gler seg til møtet med supporterane

Regissøren gler seg sjølvsagt til å få vist filmen på TV2, men vel så mykje til å visa den for Brannsupporterane på kickoffet på stadion i kveld.

– Eg har allereie vist den til dei som har vore med i filmen. Det var ein spesiell og fin oppleving, med takksemd og gode tilbakemeldingar.

– I kveld skal vi få visa den for dei vi har laga filmen for, nemleg dei ekte supporterane. Det skal bli kult å vise filmen for dei som brenn for dette. Det er dei filmen handler om, så det skal bli gøy å høyre kva dei tykkjer, avsluttar Benjamin Langeland.

For dei som ikkje skal på kickoff hos Brann i kveld, kan filmen sjåast på TV2 onsdag klokka 21.45.

Fleire saker