Ber båteigar ta kontakt
Denne sjarken blir fjerna av Os brannvesen om ikkje eigar melder seg snarast.
Os brannvesen, som har ansvar for drift av Os gjestehamn, ber eigar av ein sjark ta kontakt.
– Om ikkje eigar tar kontakt snarast vil vi iverksetja tiltak for å få båten fjerna, fortel hamnesjef Gitle Smaadal.
Årsaka er at båten har lagt i over seks veker utan å betala hamneavgift.
Telefonnummer til hamnesjefen er 90177448.
Skyldar nesten 7000 kroner
Den attraktive gjesteplassen ved den godt skjerma flytebrygga har vore redusert grunna det lange gratisopphaldet.
Gratis blir det neppe likevel.
– Vi plar fakturera kvart døgn når vi får kontakt med båteigar, seier Smaadal.
Sist nokon betalte hamneavgift for båten var 15. april. Då blei det betalt for eitt døgn.
Det betyr at eigar skuldar for rundt 45 dagar, noko som med døgnpris på 150 kroner utgjer totalt 6750 kroner.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.