Ber folk koma tidlegare
Oseana gler seg over fleire fulle hus framover, men er uroa for parkeringssituasjonen.
Med den vidare utbygginga av Os Sjøfront har Oseana fått ei utfordring i samband med arrangementa.
– Fram til no har dei frivillige parkeringsvertane klart å hjelpa folk til å finna parkering framfor Oseana, men no når bygginga har tatt til blir det ei utfordring.
– Det vil rett og slett ikkje vera plass for alle å parkera her, så då må vertane be dei parkera ved Vognhallen eller framfor rådhuset i staden, forklarar Janne Mari Hjelle, marknads- og arrangementskoordinator ved Oseana.
– Kom litt tidlegare
Gjennom dei tre første åra har arrangørane på Oseana gjort seg eindel erfaringar på godt og vondt.
– Veldig mange kjem i god tid og kosar seg her på førehand, men så har vi eindel som kjem rett før framsyning.
– På ti minutt skal dei henga frå seg, kjøpa noko å drikke, gjerne ta ein tur på toalettet før dei skal finna plassen sin i salen.
– Det gjer at vi litt for ofte må halde att artistane slik at alle kjem seg på plass.
– Det er ein situasjon vil helst ønskjer å unngå, så eg har ei lita oppmoding.
– Kom litt tidlegare, og i allefall no når det blir litt dårlegare med parkering. Det tar nokre minutt ekstra å gå frå rådhuset, minnar Hjelle om.
– Men risikerer folk å ikkje sleppa inn?
– I dei fleste tilfella så kan vi "lura" dei inn bakdøra, men Riksteateret, til dømes, tillet ikkje det.
– Er ein ikkje på plass i stolen til rett tid på dei framsyningane, så må ein pent venta utanfor til første pause.