Lokal | 10. sep. 2010

Ber folk være vakne

Lensmann Rasmus Dalen ber publikum være vakne for folk som er på rekognosering.

Andris Hamrefredag 10. sep. 2010 09:02

I samband med at politiet har fått inn ei melding om ein mann som har vore i Hatvik-området og fotografert båtar, hus og postkassar finn lensmann Rasmus Dalen grunn til å gå ut med ei generell oppmoding om at folk er vakne for uønska rekognosering.

- Når det gjeld mannen i Hatvika, så veit vi ikkje om han har vore ute i legitimt ærend eller om det har vore ein med meir uærlege hensiktar, seier Dalen.

- Generelt vil eg oppmode folk om til å være merksamme om dei får besøk på døra av seljarar og lignande. Erfaringsmessig veit vi at eindel med uærlege hensikter først sjekkar ut objekta før det kjem tilbake og begår innbrudd, seier lensmannen.

- Får du besøk av nokon du trur er der av andre grunnar enn dei oppgir anbefalar vi at du noterar deg kjennetekn, biltype, bilnummer og lignande. Dette bidreg til å gjera ei eventuell etterforskning lettare.

Vi hadde jo slike episodar i sommar, har politiet fått inn rapportar om at det er nye på gang?

- Nei, vi har ikkje haldepunkt for det no, men vi ser jo at det er andre distrikt som har vært borti det.

- Fra tidligare veit vi at desse gjerne er omreisande, så oppmodinga no er på generelt grunnlag, avsluttar lensmann Rasmus Dalen ved Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.