Lokal | 30. mai 2018

Ber om 2 millionar til ny MS Ole Bull

KODE ber Os kommune om 2 millionar i støtte og 3 millionar kroner i kommunal lånegaranti til ny båt til Lysøen.

Ber om 2 millionar til ny MS Ole Bull
KODE-direktør Petter Snare då han orienterte om nye MS Ole Bull i formannskapet i mai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. mai 2018 06:11

Sist formannskapsmøte var Petter Snare, direktør for KODE, på vitjing for å fortelja om den nye båten dei er i ferd med å kjøpa inn for å frakta passasjerer til Ole Bull sin villa på Lysøen.

Les og: Manglar 9 millionar til ny båt

– Vi har no teikna ferdig båten og fått anbod på ein båt som er heilelektrisk. Den er tilpassa dagens behov og blir i seg sjølv ein attraksjon. den vil ta 50 passasjerer og blir sjølvsagt universelt utforma slik at vi kan få over rullestolbrukarar, barnevogner og fleire som ønskjer å nytta dei flotte naturområda på Lysøen, fortalde Snare.

Ber om 2 millionar i støtte

I formannskapsmøtet blei det varsla at det ville koma ein søknad om kommunal støtte frå KODE.

I søknaden til kommunen ber Snare om ei kommunal støtte på to millionar kroner og ein kommunal lånegaranti på tre millionar kroner.

– Kulturdepartementet støttar båten til Lysøen med 15 millionar kroner, i tillegg har KODE sikra betydelege gåver og vil gå inn med eigne middel. KODE ber Os kommune om tilskot og kommunal lånegaranti. Per i dag er behovet for restfinansiering i underkant av 9 millionar kroner. Budsjettet inkluderer leveranse av fartøy, kaianlegg på Buena og på Lysøen, samt kompetansetenester knytt til byggeoppfølging, heiter det i søknaden.

Søknaden vil truleg koma til politisk handsaming i juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.