Kultur | 24. aug. 2010

Ber om biff

Bygdebloggar Veronica Simoné Fjeld har engasjert seg for å få noko anna enn pizza i lokalet Dolly Dimples skal flytta ut av.

Ber om biff
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. aug. 2010 12:26

For to veker sidan blei det kjent at Dolly Dimples legg ned restauranten sin på Os. Dolly er open ut august og flyttar så ut av eit lokale dei har leigekontrakt på i tre år framover.

- No vil vi prøva å få andre til å overta leigekontrakten, ikkje som Dolly Dimples, men til andre som eventuelt vil driva restaurant i lokalet, seier driftsdirektør Hans Erik Johnsen.

- Mat interesserer mange
Det fekk bloggaren Veronica Simoné Fjeld til å engasjera seg. Vi har skrive om Veronica sin blogg før, jenta frå Stavanger som har flytta til Os, og som meiner litt om mykje forskjellig i. Spesielt om mat.

- Eg ser også at osingane interesserer seg veldig for mat og serveringstilbodet i Os sentrum, for det er innlegga mine om utelivet og restaurantutvalet i Os eg får flest tilbakemeldingar på.

- Og det kan eg forstå, når vi har ei bygd der fem av fem restaurantar i sentrum har pizza som hovudrett på menyen.

Ingen spesialistar
Veronica seier ho liker pizza sjølv, men lager den helst heime.

- Hadde dei no spesialisert seg og laga spennande variantar, gjerne med lokale råvarer, så kunne
Os vore litt stolt av å vera ei pizzabygd. Men sånn er det dessverre ikkje.

- Vi har jo kafé på AMFI Os, restuarant på hotella og Kafé Ole B. Har du prøvd ut nokre av desse?

- Ole B skal sjekkast ut, den har eg høyrt mykje skryt av, men det er ikkje berre den gode maten eg saknar, det er livet i sentrum. Dette handlar like mykje om Osøyro som tettstad som å eta seg mett.

Vil ha kjøtt av lokal kokk
Det tilflyttaren saknar mest er ein plass å eta på dagtid, ein plass å ta med kjærasten for ein romantisk middag eller ein restaurant der ho kan ta seg ein biff og ei pils med venninner

- Det same går igjen hos dei eg snakkar med, dei saknar ein plass på dagtid og dei kunne tenka seg eit livlegare uteliv på kveldstid utanom nattklubbane.

Veronica har sjølv tatt kontakt med kjedeleiinga i Big Horn og spurt om dei er interessert i å driva på Os. Svaret var at dei i utgangspunktet etablerte seg på plassar med over 20.000 innbyggarar, men at dei jobba med ein redusert meny som kunne passa til mindre stadar.

- Big Horn, og Egon som eg også har kontakta, men ikkje fått svar frå, har rett type meny. Det meiner også dei eg har snakka med, men mange er opptatt av at det skal vera ein osing som er eigar og drivar, osingane er lojale og vil støtta lokale drivarar, ser det ut som.

Her kan du lesa blogg-innlegget til Veronica

- Har fleire interessentar
Johnsen frå Dolly Dimples fortel at dei har sett oppdraget med å finna nye leigetakarar vekk til Privatmegleren på Os.

- Vi har nyleg fått oppdraget med å finna nokon som vil overta leigekontrakten og inventaret, og vi har fleire interessentar, seier meklar Erlend Erstad.

Erstad vil naturlegvis ikkje røpa kven desse er.

- Er det berre restaurant det er snakk om, eller har du interessentar som vil driva med noko heilt anna?

- I kontrakten med huseigar er det presisert at det skal vera restaurantdrift, dei som vil driva med noko anna må i så fall ta det med huseigar.

Kva meiner du? Logg inn og kommenter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.