Os vgs. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ber om klart svar på spørsmål om gratis skulefrukost

Lesarinnlegg: Vil Høgre og Frp ta gratis skulefrukost frå over 1000 ungdommar på vidaregåande skular i Bjørnafjorden etter valet?

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vil Høgre og Frp ta gratis skulefrukost frå over 1000 ungdommar på vidaregåande skular i Bjørnafjorden etter valet?

Marie Bruarøy: eg utfordrar deg på om du og Vestland Høgre meiner at skulefrukosten ungdommane i Bjørnafjorden får fortsatt er «tullete» pengebruk ?

Vil Høgre ta gratis skulefrukost frå over 1000 ungdommar på vidaregåande i Bjørnafjorden om dei kjem til makta?

Høgre har fjerna skulemat i sitt alternative budsjett til Fylkestinget (med eksterne lenkjer):

• Høgre har tidlegare uttalt til NRK at dei meiner gratis skulefrukost er «tullete pengebruk». 

• Høgre fjerna skulefrukosten i sitt alternative budsjett for 2019 på fylkestinget (s. 12)

Arbeidarpartiet i Vestland vil syta for at ungdommane i heile fylket framleis vil få tilbod om gratis skulefrukost på dei vidaregåande skulane. Det har vore ei gradvis opptrapping av tilbodet sidan 2016, og no skal det sjølvsagt gjelda for heile Vestland.

Dette er ei viktig sak for fellesskapet og miljøa på skulane våre. Dei vidaregåande skulane i Bjørnafjorden og resten av fylket gjev gode tilbakemeldingar.

Prislapp: 8,5 millioner totalt. 2,80 kroner per elev per dag.

Ein ny forskingsrapport viser at gratis skolemat reduserer forskjeller: Den understreker kor viktig det er at skulematen er gratis.

Ei sak i BT frå Osterøy viser korleis skulen opplever det, blant anna om meir fellesskap og betre oppmøte.

Terje Søviknes, kva meiner du og FrP? Du er jo allereie fylkespolitikar i Hordaland og stiller til val som fylkesordførar i Vestland.

Vil du ta ifrå over 1000 Bjørnafjord-ungdommar gratis skulefrukost på vidaregåande?

Marie Bruarøy og Terje Søviknes, spørsmålet er enkelt å svara på: JA eller NEI til GRATIS skulefrukost på alle vidaregåande skular i Vestland?

Dette meiner eg at ungdommane i Bjørnafjorden (og foreldra deira) må få svar på i god tid før valet 9. september.

Trine Lindborg
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden Arbeidarparti

Fleire saker