Lokal | 03. aug. 2009

Ber om orsaking

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. aug. 2009 12:32

Laurdag kveld blei to pasientar med symptom på svineinfluensa sitjande i fire timar på legevakta før dei fekk hjelp. Ein 5-åring med kutt i fingeren blei, etter å ha sett legen leita ein time etter noko å reinsa såret med, sendt til Bergen for å sy.

- Eg synes det er veldig trist at nokon har hatt så negative erfaringar med legevakta, seier sjukepleiar og administrativ leiar for Os legevakt, Siri Linn Schmidt Fotland til midtsiden.no.

- I ferien har vi legar frå Bergen på vakt, og av og til nokre danskar. To av dei fire eksterne legane har ikkje hatt vakt i Os før, og då vi berre har sjukepleiarar på vakt i periodar av døgnet kan tida åleine bli hektisk og utfordrande, seier Fotland.

- Kva form for opplæring får nye legar på vakt?

- Vi har rutinar for innføring. Det er mogleg at det har svikta med å gje innføring i enkelte tilfelle, det er noko eg vil sjå nærmare på.

Samarbeid med Samnanger
Den legevaktordninga Os har no starta i november 2007.

- Vi prøvar stadig å bli betre, og frå 1. september blir Os legevakt interkommunal. Samarbeid med Samnanger gjer blant anna at vi får sjukepleiar på vakt 24 timar i døgnet, fortel Siri Linn.

No har legevakta sjukepleiar saman med lege frå klokka 16 til 23 i vekedagane, og frå klokka 9 til 17 i helgene.

- Os kommune satsar på å ha ei god legevaktordning. Vi har høge mål for ordninga og trur sjukepleiarane i aukande grad kjem til å gje god kontinuitet på rutinar og gje nyttig avlasting til legane på vakt.

Vil samla svineinfluensa-pasientar
Er du smitta av svineinfluensa og skal få behandling med tamiflu, bør denne starta ein av dei to første dagane.

- Får du symptom på kvelden kan du fint venta til neste dag, og så kontakta fastlege. Det er i hovudsak fastlege som skal vurdera om pasienten skal behandlast for svineinfluensa, men dei med sterke symptom eller som er i risikosonen for å bli alvorleg sjuk blir behandla på legevakta utenom fastlegen si opningstid, presiserar Fotland.

I helgene er det legevakta som har hovudansvar for behandlinga.

- Vil du til legevakt med symptom på svineinfluensa set vi pris på om du kontaktar oss på telefon først. Vi ønskjer nemleg å samla slike pasientar, så ikkje det sit folk med smitte på venterommet saman med andre, legg ho til.

Os kommune skal ifølgje Fotland vera godt førebudd på svineinfluensa.

- Smittevernlege i Os, Jan Rune Stangeland, gjorde eit godt førebuande arbeid før ferien, og er tilbake på jobb i dag, seier ho.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.