Lokal | 02. nov. 2019

Ber om orsaking etter feil i vedtak

Må gjera nyval av medlemmar i plan- og bygningsutvalet i Bjørnafjorden kommune.

Ber om orsaking etter feil i vedtak
Trine Lindborg (Ap) med ny klubbe på plass i ordførarstolen tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. nov. 2019 09:02

Tysdag var det konstituerande møte for Bjørnafjorden kommune. Dei 35 representantane som blei stemte inn i valet 9. september møtte, og starta med å velja formannskap.

Referat frå møtet - sak for sak

Leiar for fellesnemnda, styret som har leia kommunesamanslåinga, var Terje Søviknes (Frp). Han leia første del av møtet. Etter val av formannskap blei ordførar og varaordførar valt. Nyvalt ordførar, Trine Lindborg (Ap) fekk tildelt ei ny ordførarklubbe, og overtok leiinga av resten av møtet.

Sakene som sto igjen var, i hovudsak, val av medlemmar i dei andre politiske utvala. Men i løpet av avstemminga på medlemmar til plan- og bygningsutvalet skjedde det ein glipp i administrasjonen. Ingen samla inn stemma til Lindborg, som ikkje sat i salen, men i ordførarstolen.

Då ho etterpå oppsummerte stemmene, la ho til si eiga stemme. Det hadde ikkje noko å seia for utfallet av valet, men formelt sett er det truleg feil.

Ugyldig vedtak?

Bjørnafjorden Høgre har i ein epost til Lindborg gjort ordføraren merksam på saka, og stiller spørsmål til om vedtaket er gyldig.

Årsaka til at stemma ikkje hadde noko å seia, er at det blei levert tre lister, ei frå samarbeidspartia (AP, MDG, SP, SV, KRF og uavhengig), ei frå Frp (12 mandat) og ei frå Høgre (5 mandat).

Posisjonen hadde 17 stemmer utan Lindborg si stemme (mot 12 og 5, Frp og Høgre stemte på kvar sine kandidatar), så samansetjinga av plan- og bygningsutvalet ville blitt lik.

– Resultatet av avstemminga var 17, 12, 5. Stemma som mangla var mi, som eg ikkje fekk levert. Eg la då til denne då eg oppsummerte resultatet. Eg ser i ettertid at eg ikkje skulle gjort dette, seier Lindborg i ei pressemelding fredag.

– Eg er lei meg for denne feilen! For at vi skal få eit korrekt val av medlemmar i PBU vil kommunestyret gjennomføra ny avstemming i møtet 19. november.

Dette er plan- og bygningsutvalet som blei stemt fram, men som det no skal stemmast på nytt over:
Terje Sperrevik (Sp)
Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Marie Hauge (MDG)
Line Furubotn Storum (Ap)
Asle Olsen (SV)
Gustav Bahus (Frp)
Thrude S. Mellingen (Frp)
Tor Inge Døsen (Frp)
Aud May Boge (H)

Terje Sperrevik (Sp) blei med 18 stemmer valt til leiar av PBU.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) blei med same stemmetal valt til nestleiar.

For eller imot

Fleire av representantane i andre utval fekk plass etter avtaleval. Partia var einige før møtet, og sparte tid på å unngå votering.

Men då Lindborg leia sak om godkjenning av direktesendt kommunestyremøte, spurde ho berre om nokon ville ha ordet, ikkje om nokon stemte imot, før ho ville klubba saka gjennom. Då gjekk Børge Lunde (H) til ordførarbenken og såg ut til å kviskra eit godt råd til den nybakte ordføraren.

– Det stemmer, han minna meg på å gjennomføra voteringa, seier Lindborg til Midtsiden.

Då det blei stemt på leiar i plan- og bygningsutvalet, hadde verken Frp eller Høgre nokre motkandidatar.

Lindborg ba dei som stemte på samarbeidspartia sine forslag, Terje Sperrevik (Sp) som leiar og Nils-Anders Nøttseter (MDG) reisa seg.

Begge blei valt med 18 stemmer. Fleirtal, altså, men knappast mogleg margin.

– Ved heller å spørja om det var nokon som stemte imot, å be dei reisa seg, ville du ikkje fått eit samrøystes vedtak på leiar og nestleiar? At Frp og Høgre hadde halde seg i ro, sidan dei ikkje hadde levert forslag til motkandidatar?

– Om alle hadde blitt sitjande, vil ikkje eg spekulera i. Eg tenkte at det var ein fin gest å reisa seg og stemma leiar og nestleiar inn.

– Vi skal jobba i eit kollegie, samarbeidslista hadde nett fått fleirtalet med 5 personar (av 9 i utvalet), då tenkte eg at dette var ein fin måte å visa respekt for dei som skal leia utvalet, svarer Lindborg.

Med omval av medlemmar i PBU 19. november følgjer òg omval av leiar i utvalet. Då blir det uansett ny sjanse til å sjå om leiar og nestleiar for ettertid kan få rolla med eit samrøystes kommunestyre i ryggen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.