Politi | 20. juli 2021

Ber om tips etter biltjuveri i Bergen

Politiet leiter etter ein kvit Toyota Proace.

Ber om tips etter biltjuveri i Bergen
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. juli 2021 07:20

Tysdag i 08.50-tida gjekk politiet ut med etterlysing etter eit biltjuveri i Bergen.

– Tjuveriet skjedde klokka 08.26. Nøkkelen skal ha lagt i bilen då den sto parkert på fisketorget, opplyser Vest politidistrikt.

Bilen, ein kvit Toyota Proace, har registreringsnummer AE53152.

Politiet ber om tips på telefon 02800.

OPPDATERT: Bilen blei stoppa i Vaksdal i 11.50-tida. Bak rattet sat ein rusa mann.

Lokalt i Os har politiet eitt notat frå siste døgn.

I 01-tida i natt fekk dei klage på støy frå ein fest i Moberg-området.

– Deltakarane fekk pålegg om å dempa seg, noko dei truleg retta seg etter, då det ikkje kom fleire klagar, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.