Lokal | 22. sep. 2018
Ber om tips etter snoking rundt hus og garasjar
– Lås uthus og ta inn verdigjenstandar, oppmodar politiet.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 22. sep. 2018 09:45
– Det ser ut som om nokon driv og sniker rundt bustadar og garasjar for tida, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.
I løpet av to døgn har det kome inn melding både frå Nore Neset og Os sentrum.
– Vi kjenner til eitt tilfelle på Nore Neset og eitt i Os sentrum.
Politiet oppmodar folk om å låsa garasjar og uthus, og å ta inn verdigjenstandar.
– Vi er òg interessert i tips og skildring av den eller dei det gjeld.