Lokal | 30. okt. 2017

Ber om tips etter valdsepisode

Mannen, som blei funnen blodig i Os sentrum natt til søndag, veit ikkje kven som slo han ned.

Ber om tips etter valdsepisode
Ein mann blei funnen skadd etter ein valdsepisode på Os terminal i 1.30-tida natt til søndag. Politiet ber vitne melda seg. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 30. okt. 2017 08:39

I 1.30-tida natt til søndag blei ein mann funnen på bakken ved Os terminal, blodig i ansiktet og med smerter i ryggen.

– Han har forklart at han blei slått ned av ein ukjent person, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen, som er i 20-åra, hadde kutt i ansiktet og blei henta av ambulanse, men skal berre vera lettare skadd.

– Vi har snakka med nokre vitne, men har førebels ikkje namn på mistenkte, seier politiet, og ber dei som såg episoden, eller som har kjennskap til den, ta kontakt på 56303900 eller 02800.

Mann i 20-åra tatt for vald mot mann i 50-åra

Tidlegare på kvelden, på Søfteland, var det ein annan valdsepisode.

– Det blei ein slåstkamp mellom ein av dei som oppsøkte adressa, ein mann i 20-åra, og ein mann i 50-åra, som bur der.

Mannen i 20-åra blei mistenkt for vald og tatt med til arresten. Der sat han til etter avhøyr søndag.

– Mistenkte har erkjent forholdet. Bakgrunnen for den fysiske konfrontasjonen skal vera ein konflikt som har pågått ei stund.

Trafikkontroll ved Solstrandvegen

Laurdag formiddag hadde politiet ein trafikkontroll ved krysset mellom Hatvikvegen og Solstrandvegen.

Litt over 20 bilar blei kontrollert, ein bilførar fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkortet.

To påkøyrde dyr på Halhjemsvegen

Politiet har i helga fått melding om påkøyrd katt ved ein av fotoboksane på E39 Halhjemsvegen. Katten var svart og kvit.

Måndag morgon kom melding om dødt dyr, ein katt eller eit dyr av liknande storleik, på gulstripa på Halhjemsvegen, nær ferjekaien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.