Lokal | 22. des. 2009

Ber om tips i valdtektssak

Ei jente har blitt utsett for brutalt valdtekt. Politiet ser etter to gjerningsmenn.

Ber om tips i valdtektssak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 22. des. 2009 10:58

Sundag 1. november, mellom klokka 23.00 og midnatt, blei ei jente i starten av 20-åra utsett for overfallsvaldtekt av to menn.

Den brutale valdtekta skjedde i Kuventrævegen, på toppen av Kuven.

Gjerningsmennene skal vera to menn i 20-25-åra. Begge har norsk utsjånad og snakkar bergenskdialekt. Dei to skal ha kjørt en mørk Audi.

Politiet har etterforska saka ei tid, men treng hjelp frå eventuelle vitner for å koma vidare. Alle som har vore i området i tidsrommet rundt valdtekta blir oppfordra å kontakta politiet, ifølgje ei pressemelding i dag.

- Kvifor har det gått så lang tid før de går ut og ber om tips?

- Etterforskinga starta på initiativ frå politiet. Det har vore ein del forhold som måtte avklarast før vi kunne gå ut og be om tips, seier politioverbetjent Terje Sperrevik til Midtsiden.no.

Det kan med andre ord høyrast ut som om jenta sjølv ikkje meldte valdtekta, men det vil ikkje Sperrevik kommentera.

- Vi fekk nyss i saka og hadde ei litt spesiell tilnærming, er alt han vil seia.

No håper politiet at nokon som anten har vore nær åstaden sundag 1. november, eller som har kjennskap til kven desse to kan vera, tar kontakt.

- Det kan også henda at andre har møtt desse, om ikkje det har ført til like alvorleg episode. All form for informasjon kan vera interessant, seier Sperrevik.

Du treff politiet i Os på 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.