Berga båt på rek
Politiet mobiliserte, men slapp rykkje ut. Båtfolket ordna opp sjølv. - Det er flott at folk hjelper kvarandre, seier politiet.
Klokka 2130 tysdag kveld fekk politiet melding frå eit husvære i Mobergshaugen at det låg ein båt på rek omlag 500 meter utanfor Os kai.
- Det skal ha vore ein båt på omlag 20 fot med fleire personar ombord.
- Dei skal ha vifta med noko for å tilkalla merksemd frå andre, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Taua til Lekven
Truleg hadde båten fått motorhavari og kom seg ikkje vidare.
- Vi var i ferd med å mobilisera mannskap for å kome båten til unnsetning då vi fekk melding om at andre hadde kome til.
- Dei hadde taua dei forliste til Lekven.
- Det er flott at folk hjelper kvarandre når slike ting oppstår, skryt politioverbetjenten.