Berga uavgjort
Os leia ved pause, hamna fem mål bak, men fekk opp stemninga i Oshallen då dei redda eitt poeng mot Stryn.
Det starta som ein jamn kamp mellom to relativt unge lag då handballherrene til Os tok imot Stryn til seriekamp sundag. Dei to laga følgde kvarandre tett og veksla på å ligga i leiinga. Os anført av ein fotrapp Isak Røen kunne gå til pause eitt mål foran 13-12.
– Vi startar bra og gjer det vi har avtalt.
– Vi er aggressive framover på banen, kjem godt i andre bølga og gjer enkle val, men samstundes bommer vi alt for mykje.
– Gutane har moglegheiten til å rykka frå, men grip ikkje sjansen, seier Ostrenar Kenneth Husebø.
Trå start
Andre omgangen startar trådt for Os. Borte er dei enkle vala og aggressiviteten framover på banen.
– I staden for å spela som eit lag byrja vi å jobba ein og ein.
– Bakover freister vi å ta ut deira beste spelar, men då er det jo alltid andre som melder seg på.
– Det klarte vi ikkje løyse.
– I andreomgangen stressar vi, blir forbanna og passive.
– Botnnivået vårt er for lågt. Vi er nok i rett divisjon, oppsummerar Husebø.
Stryn rykker frå og leier etter 11 minutt 20-15, då Husebø tok timeout. Etter kvart betrar det seg noko og Os hentar sakte med sikkert opp leiinga. Vel tre minutt før slut er leiinga berre eitt mål.
– Eg trykkjer Jørgen Wold er god i andre omgangen. Då tek han ansvar samen med Isak Røen, avsluttar Husebø.
Os - Stryn 26-26 (13-12)
Utv: Os 1x2 min, Stryn 5x2 min
Os sitt lag: Hans Brunvatne, Andreas G. Sennesvik, Trygve Lerch Dahl 1, Jørgen Wold (8), Nils Andris Hamre (1), Mats Brunvatne, Ove Lyssand (3), Fredrik Andresen, Isak Røen (10), Sivert E Drange, Peder Lyssand, Joakim Blostrupmoen (3), Håvard Bjørnør, Jørgen Engelsen.
Med sigeren over Stryn ligg Os på 1. plass på tabellen. Dei speler igjen heime neste laurdag, då mot Gloppen.