Bergen vil prøva pressa
Bergen droppar ny bossordning, men vil gjera som Os, testa avfallspressa til MPE.


Gründar Arvid Johannessen blei tatt godt imot i Os kommune. Oppfinninga, avfallspressa, skal få ned talet på tømingar, og slik spara både utgifter og miljøet. Os blei testkommune og no er det Bergen sin tur.
Ifølgje bt.no har bystyret i Bergen takka nei til ny prismodell frå BIR, der dei får 12 tømingar i året for 1816,25 kroner og fastpris på 31,25 kroner per ekstra tøming. Fleire kommunar har slik gebyr-tøming, inkludert Os.
Målet er å auka omfanget av kjeldesortering, og det har det gjort. Berre éin prosent av husstandane har no tøming kvar veke.
Men eit anna prosjekt Os kommune har prøvd ut er bergensarane interessert i å testa; avfallspressa til Johannessen og MPE Products AS. Pressa skal testast i ein bydel i Bergen, ikkje i heile kommunen.
- Eg har ikkje noko vondt å seia om avfallspressa, men det kostar oss 150-200 millionar kroner å gje alle ein slik dunk. Vi oppnår heller ikkje at søppelet blir sortert, det blir berre pressa saman, seier Ove-Henning Bjørsvik i BIR til BT.