Kultur | 07. juni 2018

Berre éin bubilplass igjen før Rotlaus-konserten

– Over halvparten av billettane vi har selt på nett har gått til tilreisande publikum, seier Hylland.

Berre éin bubilplass igjen før Rotlaus-konserten
Sånn ser bubilparkeringa ut torsdag kveld. Laurdag er det sommarkonsert i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. juni 2018 21:29

Bildeserie:

– Eg gler meg til å visa Os på denne måten, seier Hylland. (Foto: KVB)
– Eg gler meg til å visa Os på denne måten, seier Hylland. (Foto: KVB)
Rotlaus er blant dei tre banda som skal spela i Os laurdag. (Pressebilde)
Rotlaus er blant dei tre banda som skal spela i Os laurdag. (Pressebilde)
Vognhallen under Osøren-festivalen i 2010. (Foto: AH)
Vognhallen under Osøren-festivalen i 2010. (Foto: AH)
1 av 3
– Eg gler meg til å visa Os på denne måten, seier Hylland. (Foto: KVB)
Rotlaus er blant dei tre banda som skal spela i Os laurdag. (Pressebilde)
Vognhallen under Osøren-festivalen i 2010. (Foto: AH)

I dag kom toaletta, i morgon startar rigginga og laurdag brakar det laus med Rotlaus, Haavard Skaatun og Rune Sanden i Vognhallen.

– Eg er ein del inne og ser på Yr og Storm for tida, innrømmer Tor Egil Hylland frå Os Live.

– Og dette er kjekke nettside å besøka om dagen! legg han til.

Det er meldt skyfri himmel og 24 gradar laurdag ettermiddag. Vindstyrken skal halda seg under 3 meter per sekund.

– No har vi både hallen og telta, men det er stas med sånt vêr og det blir kjekt å visa Os på denne måten. Eg er glad for at vi fekk låna Vognhallen, det er noko eige med det historiske suset over bygningen og det fine lyset frå fjorden.

Mange tilreisande gjestar

Billettsalet til kvelden har passert 300.

– Det lovar veldig bra. Vi kan fort koma opp i minst det doble.

Ein del lokale bedrifter har kjøpt billett for å ta kvelden som ein sommarfest med kollegaer. Blant billettane som er selt på nett er det mange utanfor Os som har kjøpt.

– Det kjem gjestar frå Fusa, Sotra og Nordhordland. Vi har òg selt billettar til folk frå Ålesund.

Torsdag kveld er 8 av 9 plassar på den nye bubilparkeringa på Steinneset opptatt.

«Snur» Vognhallen

Fredag ettermiddag startar rigginga av scenen. Sist det var konsert av dette kaliberet i Vognhallen var under Osøren Blues og Jazzfestival 2010.

Vognhallen, som var ein hall for togvogner då Nesttun-Osbanen var i drift (1894-1935), er 70 meter lang og nesten 10 meter brei. 155 kvadratmeter i sørenden har i mellomtida blitt bygd inn til ei moderne, lita kulturstove.

– I 2010 var scenen ute og publikum inne. No bruker vi kulturstova som backstage og riggar scenen under tak, mellom tre sperr, så den eine sperra går midt over scenen.

– Det blir ein litt komplisert rigg, men eg trur det blir stilig med lyskastarar oppunder bjelkane i den gamle, fine hallen. Ved inngangen til hallen, ved Os stasjon, riggar vi telt. Her blir det sitjeplassar til rundt 300 på stolar og benkar.

Os Live ligg godt an med billettsalet også til Osfest i august. Hylland var ei stund spent på om han fekk nok frivillige også til sommarkonserten i Vognhallen, som er nytt arrangement i år.

– Vi har 35-40 på plass, klare til å jobba under festivalen, i tillegg kjem eksterne vaktar. Vi klarer oss greit, men har plass til eit par til om det er noko som vil jobba litt under sommarfesten.

Festen startar klokka 19.

Rotlaus: Har på kort tid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband. Debutalbumet «Bygderamp» gjekk rett til topp ti på VG-lista, låten «Byjenta» selte til gull og platina. I fjor kom singelen «På vei», i år kom albumet med same tittel.

Haavard Skaatun: Ein moderne countryartist og musikar frå Fusa som i februar sleppte debutalbumet sitt «Flying in the free».

Rune Sanden: Syng på treungendialekt (Vest-Telemark) med tekstar det er lett å kjenne seg igjen i. På debutsingelen «Mykje vil ha meir» beveger Rune Sanden seg i et gitarbasert poprock-landskap – iblanda folketonar fra ein lystig gitar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.