Kultur | 12. nov. 2010

Berre utstyret manglar

- Vi har bygd etter alle kunstens reglar, her skal nesten kven som helst kunna spela inn plate, seier Grønvigh om det nye studioet i Allaktivitetshuset.

Berre utstyret manglar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. nov. 2010 09:39

I vår overtok Os Rockeklubb ved Kjetil Grønvigh ansvaret for å få ferdigstilt studioet som andre eldsjeler starta på for fleire år sidan. Rockeklubben, som også driv musikkbingen på Kuventræ, skal også styra platestudioet, som ungdomsklubben i Allaktivitetshuset eig.

- Eg har brukt mykje tid på å samla saman tips og råd, vore på synfaring i nokre av dei beste studioa i Bergen og fått god hjelp av flinke folk, blant anna Jørgen Træen, seier Kjetil.

Tett og skeivt
På loftet i brannstasjonen og Allaktivitetshuset, der også ungdomsklubben held til, er to nesten identiske rom sett av til studio. Romma er skilt av ein vegg med vindauge i, eitt rom for bandet, eitt for den som gjer opptaket og eventuelt publikum.

- Studioet er bygd etter alle kunstens reglar. Det gjorde at tømrarane klødde seg litt i hovudet då dei starta, for det er lagt inn ein del spesielle vinklar, både på enkelte veggar og mellom dei doble, lydisolerte vindauga.

Kven skal bruka det?
Medan ungdomsklubben eig studioet og rockeklubben skal stå for drifta, ser ikkje rockesjefen vekk frå at mange andre kan ha glede av det.

- Kanskje kan vi leiga det vekk til band, utdrikkingslag, bursdagsfest eller andre prosjekt. At vi no har fått eit studio for ålmenta midt i Os sentrum trur eg mange kan ha nytte og glede av.

God støtte – treng golv
DnB NOR, Os kommune og Varde Film og Media er blant sponsorane. Studioet er ferdig, minus litt maling og pynt, og iMac med programvare for opptak er på plass.

- Det treng ikkje sjå ut som Hollywood for at CD-en skal bli bra, men vi kjem nok til å mala og dekorera litt.

- Vi har framleis pengar igjen, men det er før vi byrjar å kjøpa utstyr. Tusenlappane kjem nok til å flyga fort når mikrofonar av høg kvalitet skal på plass. Instrument får vi ta med oss eller låna av rockeklubben eller musikkbingen til vi får betre råd.

Når Kjetil no skal ut å handla ser han at kvar minste støtte er til god hjelp.

- Om nokon vil sponsa med litt golvbelegg, for eksempel, så kan det bety ein ekstra mikrofon for oss. Herfrå gjeld det berre å få mest mogleg for kvar krone og håpa på at studioet er klart til bruk rundt årsskiftet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.