Lokal | 11. aug. 2014

«Bertha» på veg

Bildeserie: Bølgene slår over moloane i Os sentrum. Trær veltar. «Bertha» er på veg. På tide å sikre lause eigendeler og båtar igjen.

«Bertha» på veg
Bølgene slår over Haugsnesetmoloen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 11. aug. 2014 19:45

Bildeserie:

Bølgene slår over båtene på innsida av moloen, sjølv om det er lågvann (foto: AH)
Bølgene slår over båtene på innsida av moloen, sjølv om det er lågvann (foto: AH)
Også moloen ved industrikaia får skylt seg (foto: AH)
Også moloen ved industrikaia får skylt seg (foto: AH)
Nye moloen framfor Oseana bryt bølgene (foto: AH)
Nye moloen framfor Oseana bryt bølgene (foto: AH)
Vindauga på Osena må nok vaskast uti veka (foto: AH)
Vindauga på Osena må nok vaskast uti veka (foto: AH)
Det same må dei nok på Peppes (foto: AH)
Det same må dei nok på Peppes (foto: AH)
Eit tre har gitt tapt  for «Bertha» på parkeringa framfor Rådhuset (foto: AH)
Eit tre har gitt tapt for «Bertha» på parkeringa framfor Rådhuset (foto: AH)
1 av 6

Måndag ettermiddag bles det godt over fjorden og bølgane slår over moloane som skal skjerme Os hamn. Det er den tropiske stormen «Bertha» som kjem på vitjing etter å ha kryssa Atlanteren.

– No har det første treet velta på parkeringa framfor rådhuset, meldte Haldor Fosse i Os kommune på ei melding klokka 17.22.

Midtsiden veit òg at eit tre på Haugsneset har gitt etter for vinden.

Då vi tok ei kjapp fotorunde måndag ettermiddag, fortalte fleire av dei vi møte at dei opplevde vinden sterkare enn då stormen «Lena» vitja Os i helga.

Meterologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Hordaland:

«Frå seint i ettermiddag, måndag, ventar ein lokalt mykje nedbør i Hordaland. Det kan koma 30-60 mm på 24 timer. Mykje av nedbøren kan koma på relativt kort tid. Store nedbørmengder venter ein også i dei kommande dagane. Følg også med på varsom.no. På kysten ventar ein frå måndag ettermiddag og fram til tysdag kveld sørleg periodevis sterk kuling.»

For Osøyro syner timevarselet til yr.no at vinden vil ligga og veksla mellom frisk bris og liten kuling fram til i 14-tida tysdag før den løyer.

Måndag ettermiddag er det lågvann, likevel slår bølgene godt over moloane. Ein kan venta høgre bølger rundt midtnatt, då det vil vera høgvann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.