Lokal | 01. nov. 2020

Full ungdom sendt til legevakt

Ungdomar sprang frå staden då politiet kom.

Full ungdom sendt til legevakt
Politiet rykka ut til Nore Neset laurdag kveld. (Foto: Arkiv)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandsundag 01. nov. 2020 09:26

Ved 21-tida i går vart politiet varsla via akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), om samling av ungdom ved skulane på Nore Neset. AMK var då blitt varsla om ungdom som var overstadig rusa.

Då politiet kom til staden var det fleire ungdomar som løp avgårde.

– Det var mange ungdomar på staden, og dette stadfestar vår bekymring for ungdomen i Os. Vi tok med oss den mindreårige jenta til legevakta. Foreldra vart varsla, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Velta tre gav falsk alarm

For Bjørnafjorden brann og redning vart det ei utrykking til Os sentrum i 22-tida i går kveld.

– Vi rykte ut grunna eit varsel om noko som hadde ramla i elva.

– Det viste seg å vera eit tre, og vi fjerna dette, fortel Espen Storum.

Falsk alarm. (Foto: KVB)
Falsk alarm. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.