Samferdsleminister, Jon Georg Dale (Frp), vitja Os vidaregåande skule i går. Han fekk sjå og høyra om ein populær skule. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– Besøket på Os vgs var hovudmålet

Bildeserie: Samferdsleministeren fekk dessutan orientering om ein uavklart del av E39 Svegtjørn-Rådal. 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I går var samferdsleminister, Jon Georg Dale (Frp) på vestlandsbesøk.

Dagen byrja på Stord Lufthavn før ferda gjekk vidare med ferje til Os og Halhjem. Undervegs fekk statsråden orientering om status i Hordfast.

På ferjekaien på Halhjem vart det tid til ein prat med pressa.

Stolt skule med klare oppmodingar

Os vidaregåande skule var vertskap for neste del av programmet. 

På nøyaktig éin klokketime fekk Dale sjå og høyra om ein skule i medvind.

Rektor, Johan Henrik Lassen, hadde førebudd ein presentasjon av skulen, og gjestane fekk helsa på lærarar og elevar innan transport- og anleggsfaga. 

Til stades var òg representantar frå næringar som er knytt opp mot skulen og lærlingeordninga.   

Gjestane fekk høyra om ein skule som har høge søkartal, ventelister, og som heilt klart er populær, med gode jobbmoglegheiter etter endt skulegang.

Etter rektor si innleiing var ordet fritt.

Her kom det fram at fleire store firma omtrent støvsuger marknaden for lærlingar grunna store byggeprosjekt. Dette er noko Os vgs sjølv erfarer;

– Dei høge søkjartala og ventelistene seier sitt, kunne rektor fortelja.

– Vi skal klara å ta imot fleire elevar, vi treng berre beskjeden i god tid. 

Med litt kaffi og frukt i kroppen fekk Dale sjå nærare på skulen med avdelingsleiar for TIP elekto, Rolf Kvåle, i førarsetet. Det heile vart avrunda med at statsråden fekk seg ein køyretur rundt skulen i ein dumper.

Med buss mot by'n

Etter skulebesøket tok Statens vegvesen over styringa.

Prosjektleiar Sverre Ottesen og byggeleiar Kari Bremnes tok heile reisefølgjet med på busstur inn i Endelausmarka. 

Via Skogafjellstunnelen fekk Dale sjå framdrifta i prosjektet som etter planen skal opnast sommaren 2022.

– No har vi om lag 450 meter att å sprengja ut i kvart av dei to løpa i Lyshorntunnelen, kunne Bremnes fortelja. 

– Grunna krav i kontrakten må driva Lyshorntunnelen frå Os-sida, men vi ligg no an til gjennomslag og siste salve i april. 

På veg gjennom tunellane fekk dei reisande eit godt innblikk i kor mykje som faktisk må gjerast før ein kan byrja å tenkja på snorklipping.

– Vi som driv med tunell snakkar ofte mykje om «toget». «Toget» er alle dei ulike tinga som skal gjerast og kryssast av før ein slepp samfunnet inn her. Med så mange aktørar og delprosjekt, er det ei stor logistikkoppgåve som må klaffa. Om vi får problem eller utfordringar éin stad, vil dette fort råka heile framdrifta. 

– Til eksempel er dei to løpa i Skogafjellstunnelen etterkvart nesten klare, men dei har ingen fungerande verdi før heile strekket frå Os til Rådal er ferdigstilt.

Les òg: Starta rekordkontrakt til 382 millionar kroner

Skulebesøket var hovudhensikt

I dag fortel ordførar Terje Søviknes (Frp), at han er godt nøgd med besøket til samferdsleministeren; 

– Eg hadde nyleg eit møte med Os vgs kor det store behovet for lærlingar i anleggsbransjen var tema.  

– Då det synte seg at Dale skulle gjennom Os, passa det godt å leggja inn eit besøk på Os vgs. Eg er oppteken av å støtta skulane i Os, og eit ministerbesøk som oppfølgjing av møtet vart ei god løysing. Dale vart imponert over det han fekk sjå og høyra på skulen, og sjølv dette mest er ei sak for kunnskaps- og integreringsminister, Jan Tore Sanner, er eg viss på at Dale vil spela dette inn i regjeringa.

– I tillegg var Silje Hjemdal som sit på Stortinget for Frp til stades i går, og ho synte stor interesse for saka til Os vgs. 

Les òg: Hordaland fylkesutval vil utvida anleggsteknikklinja ved Os vgs med to klassar

Søviknes fortel at han personleg vart imponert over presentasjonen til Os vgs;

– All hønnør til rektor Lassen og dei andre lærarane og elevena som var med i går. Bodskapen vart formidla tydeleg, og med god grunngjeving.

Os har kome godt ut 

Søviknes fortel vidare at turen langs nye E39 var meint som ei oppdatering for samferdsleministeren på prosjektet. 

– Då vi stod på brua i Endalausmarka spurde Dale meg: «Er du klar over kor godt de i Os har kome ut av dette? Ikkje berre kortare reisetid til og frå Bergen, men utløysinga av næringsområdet i Endalausmarka som vert dekka av prosjektet» 

– Til dømes var situasjonen ikkje den same for IKEA då det nye krysset langs E39 vart bygd i Åsane. Då måtte IKEA i stor grad betala sjølv.

Middag på Er-An med lokale bompengar på menyen

Søviknes fortel at besøket i Os vart avslutta på streken kor Os tek slutt.

– Under middagen på Er-An Veikro diskuterte vi dei lokale bompengeløysingane  for E39 med samferdsleministeren. Det er eitt punkt på prosjektet Svegatjørn-Rådal som ikkje er heilt avklart enno; kva vegar skal det vera bompengar på?

– Vi nytta tida under middagen til å gje statsråden lokalkunnskap om situasjonen for dei som i næring, eller som del av fritidsaktivitetar, pendlar over kommunegrensa. Når vegdirektoratet etterkvart legg saka på bordet til samferdsleministeren skal han ha eit godt kunnskapsgrunnlag for å handtera saka. 

Fleire saker