Kultur | 03. nov. 2009

Best kledde kvinne?

Ho har vore kåra til Noregs penaste jente. No kjempar musikar Maya Vik mot Jenny Skavlan og Tone Damli Aaberge om ny tittel.

Best kledde kvinne?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. nov. 2009 09:13

Bildeserie:

1 av 1

For to år sidan blei osingen og bassisten May Britt "Maya" Vik, kjent frå gruppene Furia og Montée, kåra til Noregs penaste og kulaste jente av bladet Elle Mann. No er ho aktuell i ny kåring, denne gong er det den norske utgåva av motemagasinet Costume som kårar den best klede kvinna i Noreg.

- Eg visste ikkje at eg var kandidat før eg var innom nettsida deira for å stemma på ein ven i ein konkurranse om beste moteblogg. Så bladde eg gjennom Costume Awards 2010 og oppdaga namnet mitt, seier Maya til Midtsiden.no.

Blant dei 10 nominerte finn vi Celina Midelfart, Jenny Skavlan og Pia Tjelta.

Kvardagspynt
Maya synes Costume er blant dei betre motemagasina i Noreg. Ho har også blitt intervjua av magasinet nokre gongar.

- Kva forhold har du til mote?

- Eg er veldig moteinteressert og liker å pynta meg. Eg er fan av kvardagspynting.

- Men når eg går og handlar klede er det gjerne på sal, til 70 prosent rabatt, og då endar eg gjerne opp med klede som ikkje så mange andre tør eller vil gå med, legg ho til og ler.

Kostyme
Som artist og som einaste jente i bandet Montée kan ho dessutan vera litt ekstra frisk i stilen.

- Eg står litt friare som artist, det blir nesten som kostyme. Og gutane i bandet synes jo alt er kult, så når eg spør dei til råds så får eg grønt lys uansett, seier Maya.

I høgre marg på costume.no finn du kåringa. (Maya finn du på s. 8. Legg du igjen namnet ditt er du med i trekninga av eit gåvekort på 10.000 kroner)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.