Best på 3 av 4 distansar
Sverre Lunde Pedersen var beste norske på 3 av 4 distansar, men kom ikkje på pallen i EM allround på heimebane.
Ein 9. plass på 500 meter og ein litt svakare 5000 meter enn venta gjorde at osingen Sverre Lunde Pedersen måtte nøya seg med 5. plass samanlagt i årets EM allround.
Håvard Bøkko, som vann 500-meteren, men kom bak Sverre på dei andre distansane, fekk bronse.
Sverre låg på 4. plass samanlagt før dei 8 beste skulle gå 10.000 meter.
I par med Bøkko gjekk han inn som beste norske, og landa på 4. plass på distansen.
Sverre sine plasseringar og tider:
500 meter, 9. plass 36.67 (Håvard Bøkko vann med 35.99)
5000 meter, 5. plass 6:21.81 (Jan Blokhuijsen vann med 6:15.89)
1500 meter, 4. plass 1:46.28 (Koen Verweij vann med 1:45.93)
10.000 meter, 4. plass 13:20.50 (Jan Blokhuijsen vann med 13:07.22)
– Nøgd med dei fleste tidene
– 500-meteren er den klart beste han har gått denne sesongen.
– Eg er nøgd med alle tidene mine bortsett frå 5000-meteren. Det blei tidleg tungt og det var hardt mot slutten, seier Sverre til Midtsiden.
Han var ikkje heilt frisk i går, men i dag var formen fin. 1500-meteren er den beste han har gått i Vikingskipet.
– Også 10.000-meteren var blant dei betre eg har gått denne sesongen og betre enn den eg gjekk i VM i fjor.
Italia før OL
Allereie i morgon skal Sverre på reise igjen. Då går turen til Italia.
– Vi skal trena der fram til 29. januar. Då blir det ein kort tur heimom før vi 3. februar reiser til Russland.
Vinter-OL i Sotsji i Russland blir arrangert frå 7. til 23. februar.