Bestefar ville ikkje betala
Nye reglar fører til streng straff: Han hadde to usikra ungar i baksetet, men meinte det ikkje var hans ansvar.


Politiet i Os har hatt to trafikkontrollar i dag, ein i Hegglandsdalen og ein på Byvegen ved Elvebakken.
– Vi har fått ein del klager på Hegglandsdalsvegen og fleire av dei vi stoppa i dag sa dei var glade for at vi var der. Det var heller ingen reaksjonar på dei 58 vi kontrollerte, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Tok ikkje ansvar for barnebarna
Verre var det i Byvegen. Der blei det kontrollert 52 bilar, ein av dei siste som blei vinka inn var ikkje einig med reglane poiltiet vil handheva.
– Han hadde to barnebarn i baksetet, ingen av dei hadde belte på. Føraren, ein mann i 50 åra, meinte han ikkje kunne ha kontroll over kva som skjedde i baksetet, det var jo utanfor hans synsfelt, fortvilar Rastad.
– Han er frå Os og trudde ikkje reglane gjaldt i Os, berre utanfor bygda, legg politiet til.
4 prikkar og 4000 i bot?
At det i tillegg kom nye reglar i sommar, som seier at usikra ungar under 15 år ikkje gjev gebyr, som hos vaksne, men forenkla forelegg, gjorde det ikkje betre for mannen.
Straffa no er forelegg på 2000 kroner og to prikkar på førarkortet. Om dette gjeld per unge, noko det truleg gjer, får bestefar svi kraftig.
Les òg: Her er dei nye reglane
– I tillegg til mannen som ikkje aksepterte forelegget, som forresten no blir meldt, hadde vi to utan bilbelte og éin utan gyldig førarkort for tilhengaren han hadde på slep, opplyser Rastad.