Bestefaren teikna Fjellheim
Tredje generasjon Lindstrøm-arkitekt med meiningar om funksjon og identitet.
Avgjerd i Fjellheim-saka blei i plan- og bygningsutvalet tidlegare i oktober sendt vidare til kommunestyret for avgjerd.
• Les òg: Nye krefter tar Fjellheim i forsvar
Før dagens kommunestyremøte fortel Inga Lindstrøm, barnebarn av arkitekten som teikna Fjellheim, om kva ho trur er med på å gje Fjellheim verdi.
– Eg har aldri møtt farfaren min. Han døde i 1958, kort tid etter at dagens Fjellheim sto ferdig, fortel Inga.
– Men eg har vakse opp i eit miljø der vi tar vare på gamle bygningar og bygningsmiljø. Ikkje fordi dei er gamle, men fordi dei svært ofte representerer ein kvalitet og ein ressurs - historisk, arkitektonisk, handverksmessig og, ikke minst, bruksmessig.
Ein sentral arkitekt i Bergen
– Når kulturminne blir vurderte er det mange faktorar som blir vurderte. Sosiale- og bruksmessige moment bør i mange tilfelle vega tungt, seier Inga Lindstrøm.
Inga er som faren Claus og farfaren Johan utdanna og praktiserande arkitekt.
• Les òg: Byantikvaren meiner Fjellheim bør bevarast
Byantikvaren i Bergen skriv blant anna dette om Johan Lindstrøm: «Lindstrøm var ein anerkjend arkitekt på Vestlandet og ein sentral skikkelse i «Bergensskolen», ei gruppe toneangivende arkitekter med base i Bergen som fekk stor innvirkning på norsk arkitektur i mellomkrigstiden og dei første åra etter krigen.»
– Dette er det einaste, eller eitt av få, samfunnshus han har teikna for å bli bygd i mur. Bergensskolen skapte ein syntese mellom tradisjonell vestnorsk byggeskikk og straumningar i arkitekturen, seier Inga.
Eit hus som fungerer
Johan vaks sjølv opp i ei mindre bygd og teikna fleire samfunnshus på landsbygda, allside bygg som kunne fylla mange funksjonar.
– Dette er bygg som den dag i dag er viktige supplement til større, nyare kulturhus fordi dei er funksjonable, dei gir rom for mindre, lågterskel-arrangement og derfor er tilgjengelege for mange.
Dei siste åra har fleire småkommunar bygd store kulturhus.
– I eit forsøk på å løfta stadsidentiteten med eit større, moderne bygg har ein kanskje gløymd dei mange mindre møteplassane, plassar som likevel betyr mykje for innbyggarane sin identitet.
– I ei tid der vi bygger stadig tettare i sentrum av bygdene vil møteplassane bli viktigare. Mange av desse møteplassane eksisterer framleis, verdien av desse må løftast fram, slik det no blir gjort for Fjellheim, meiner Lindstrøm.