Kultur | 26. mai 2010

Bestilte «verdas største»

Frode Sirevåg, som tidlegare i mai dekorerte AMFI med eit gigantisk måleri, har fått eit endå større oppdrag. Men fristen er kort.

Bestilte «verdas største»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. mai 2010 08:59

Torsdag 6. mai var det avduking på AMFI Os av eit Sirevåg-måleri på 3,7 x 5,6 meter. No har han fått eit endå større oppdrag.

- Eg har gjort litt research og funne ut at det var ein dokumentar på NRK om verdas største måleri. Det var 50 kvadratmeter stort, så no går eg for 5 x 11 meter, seier kunstnar Frode Sirevåg om det ferske oppdraget.

- Aftenposten skriv om verdas største på 3000 kvadratmeter. Det er litt større en det du har planar om.

- Ja, men det er malt direkte på vegg. Det er mange dekorerte veggar, men ikkje så mange store fritthengande måleri, slik det eg held på med, seier Sirevåg.

Kunde: Oseana
Måleriet er bestilt av styreleiar i Oseana KF, ordførar Terje Søviknes, og skal henga på bygningen under byggearbeidet.

- Dette blir eit spennande kunstnarisk stunt på veg mot opning av Oseana. Oseana skal presentera kunst på ein ny og annleis måte, dette er eit ledd i den strategien, seier Søviknes.

- Vår visjon er å skapa ei verd av inspirasjon, og dette vil absolutt inspirera, meiner han.

Kort frist
Os kommune ventar besøk 8. juni, og vil ha måleriet klart til då.

- Eg har sagt at det skal gå bra, så no må eg isolera meg i to veker for å koma i mål.

- Denne gong blir det ikkje tid til å laga arbeidsskisse først, no blir det måling direkte på lerret, seier kunstnaren.

Maritimt motiv
Sirevåg har fått låna areal i Ulvenparken til oppgåva.

- Eg har ikkje heilt klart for meg korleis det skal sjå ut enno, men ser for meg eit maritimt motiv, ungar i fjøresteinane, kanskje, seier Frode Sirevåg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.