midtsiden

Betaler 1000 kroner for tips

Styreformann i Os Sentrum, Øystein Engevik, løyver 1000 kroner i dusør til den som kjem med namnet på julelys-knusarane.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag kveld var det fakkeltog og tenning av julegran i Os sentrum, laurdag morgon var mange av lysa sløkt og måndag var alt anten plugga ut eller øydelagt.

- Eg synes dette er forferdeleg synd. I fjor brukte vi nesten 20.000 kroner på ny belysning, i tillegg har vi brukr mange dugnadstimar på å henga dette opp, seier styreformann i Os Sentrum, Øystein Engevik.

- Sentrumsforeininga er eit spleiselag, vi har ikkje råd til å kjøpa nye lys etter kvar helg. No må vi bruka mange tusen på å reparera skadene, skjer det igjen så må vi rett og slett klara oss utan julebelysning i sentrum i år.

1000-tipset
Engevik, som driv røyrleggarforretning i Os sentrum, sponsar no foreininga med 1000 kroner i dusør.

- Eg er ikkje ute etter å ta nokon og eg reknar ikkje med at syndarane er i stand til å punga ut med 10.000-20.000 kroner til reparasjon og erstatning. Men eg vil snakka med dei som har gjort dette og forsikra meg om at dei ikkje gjer det igjen. Dei kan også få lov til å vera med på dugnad for å gjera litt opp for seg.

Den som kjem med namnet på ein eller fleire av dei som står bak hærverket får 1000 kroner i dusør.

- Dei kan senda meg namnet på epost eller sms. Eg garanterer at tipsarane sin identitet ikkje blir delt ut til andre, seier Engevik.

- Syndarane er også velkomen til å melda seg, legg han til.

Øystein Engevik treff du på e-r-se@online.no og 907 86 898

Fleire saker