Betaler millionar til Bergen
68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.
I juni varsla kommunalsjef Line Rye at barnehageområdet låg an til ein budsjettsprekk på mellom 6 og 9 millionar kroner for 2017.
I tenesteutvalet fekk politikarane eit djupare dykk i den økonomiske stoda.
– Vi hadde 1322 barnehageplassar i mai og 1266 i september. Det kjem 23 nye barn i oktober og 12 i november.
– Vi hadde venta ein større nedgang frå mai til september enn det vi fekk i år, innleia økonomikonsulent Janicke Mitsem.
Eit spleiselag
Kommunestyret har tidlegare vedteke at kommunen skal yta tilskot frå august også for dei barna som har rett på barnehageplass i september, oktober og november. Dette får i 2017 ein konsekvens for Os kommune på 1.570.829 kroner.
– Vi hadde nok spart nokre av pengane om ikkje kommunestyret hadde fatta det vedtaket, men kor mykje er umogleg å veta. Nokre av barnehagane ville nok sagt «du får plass frå august og må betala frå då, men barnet treng ikkje byrja før i oktober». Då måtte kommunen uansett ha betalt driftstilskotet frå august.
– Fordelen med vedtaket er at vi har sagt at barnehagane må vera bemanna ut frå den mengda barn dei får tilskot for, noko som betyr at dei går med full bemanning frå august, som jo er ein fordel for ungane.
– Då vi presenterte desse tala for barnehagestyrarane i går, så peikte dei på at også barnehagane bidrar, ved at dei ikkje tar foreldrebetaling i perioden frå august til barnet byrjar. Om lag 300.000 kroner utgjer dette, fortalde Midtsem.
Må betala Bergen
I møtet fortalde økonomikonsulenten at sprekken på barnehageområdet kan koma på opp mot 9 millionar.
– Det skuldast ikkje minst den betalinga vi gjer til Bergen for barn som går i barnehagar der.
– For dei første sju månadane i 2017 fekk vi eit refusjonskrav på 4.746.094 kroner frå Bergen kommune. Dette gjeld for totalt 68 barn våren 2017. I budsjettet ligg vi inne med 6 millionar, men har justert det til åtte i revidert budsjett, då refusjonskravet normalt er lågare for hausten.
– Bakgrunnen for at folk vel barnehage i Bergen i staden for Os kan vera todelt. Nokre går i Bergen i ein periode fordi familien flyttar til Os midt i barnehageåret, andre vel Bergen fordi det er mest praktisk i høve henting og bringing i kombinasjon med jobb.
Får dobbelt opp
Politikarane lurte på om det ikkje var måtar å unngå å måtte betala til Bergen på og om ikkje det var slik at retten til barnehageplass gjeld i kommunen ein bur i.
– Refusjonsordninga gjeld private barnehagar, og dei bestemmer sjølv kva område dei tek inn barn frå.
– Når det gjeld rett til plass, så har dei rett på plass i Os kommune, men dei føresette kan fritt søkja kor dei ønskjer at barnet skal gå.
– Kvifor må Os då betala om dei vel Bergen? undra Marianne Neumann Hjelle (Frp).
– Det har med innbyggjertilskotet vi får frå staten. Os får inntektene, medan Bergen får utgiftene. Difor må vi betala.
– Men det som kan vera urettvist er i dei tilfella der dei flytter til Os frå Bergen til dømes i februar. Då får Bergen innbyggjertilskotet, og utgifta, men vi må likevel betala. Dermed får Bergen dobbelt opp. Denne problemstillinga har vi tatt opp fleire gongar, men har ikkje klart å koma noko veg med så langt, avslutta økonomikonsulenten.