Lokal | 28. mai 2018

Betinga fengsel for fyllekøyring

Kvinne mista lappen, fekk 30.000 i bot og betinga fengsel etter fyllekøyring.

Betinga fengsel for fyllekøyring
Kvinna måtte møte i Bergen Tingrett sikta for fyllekøyring (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 28. mai 2018 11:20

Ei kvinne i 20-åra måtte møte i Bergen Tingrett førre veke etter at ho ein morgon i februar blei stoppa av politiet i Os sentrum. Kvinna hadde då ei promille på 1,04.

Kvinna møtte i tingretten og gav ei tilståing utan atterhald, noko som blei styrka av dei øvrige opplysningane i saka.

– I skjerpande retning trekk det at sikta har køyrd i alkoholpåverke tilstand over ein lang strekning. Føring av bil med ein så høg promille inneber ein betydeleg risiko for alvorlege ulykker. I formildande retning trekk hennar atterhaldslause tilståing, heiter det i dommen.

Kvinnen blei dømd til 21 dagar betinga fengsel med ei prøvetid på to år. 30.000 kroner i bot, subsidiært fengsel i 15 dagar og tap av førarkortet i 18 månader. Om ho skal ha lappen igjen må ho avlegge full ny førarprøve.

Kvinna vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.