Sport | 12. mai 2012

Betre med sex i båten ...

... enn berre vera to, tenkte eg då Stella la seg ned i den kraftige vinden.

Betre med sex i båten ...
(Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. mai 2012 08:39

Lesarbidrag, Nils Midtseter:

Dagens verste konkurrent, Piano, kom krypende nærmare på kryssen, fylt opp med masse kjøtt på ripa. Då seglar ho betre, altså med kjøtt på ripa, viss du skjønner. Sjølv seglar eg berre med Terje. Det er kjekt, men i mykje vind blir det litt lite flyttbart. Kansje vi rett og slett ikkje er flinke nok? Neida, men det bles litt mindre no ...

Javel, då er det berre å gyva laus på reva vi sette i storseglet, fall ned, av med krok, lausne rev og skjøta, sveiva sveiva sveiva. Ja. Så må vi hugsa å segla òg. Heia! Heia! blei det betre? Sjekka mot Piano, njaaa... jau, kansje litt, men vi tapte jo noko i manøveren.

Sånn er det på tysdagane våre. Vi kjem oss på fjorden og seglar i lag med gode venar.

Denne gongen var det start ved Blia, running Teistane, to varv. Starten kjem like plutseleg som alltid, trass i at halvparten av dei 19 båtane som var der starta 5 minutt før oss .Ja ja, vi var no først over startlinja, så heilt vekke var vi ikkje.

Frisk kryss sydover, ser at Marlin slit med noko og må gje opp. Det viser seg at ein vinsj lagde trøbbel, synd det, hadde vore kjekt å måla krefter med Marlin i dag.

Ser at Akina og Merelle er godt i gang. Merelle følgjer Tina for II ut i fjorden, Akina går in mot Skorpo. Hrm, Leifen er eldst, best å følgja han, vi går innover!

Nei no lyg eg litt, vi har ikkje tid til taktikk i det heile tatt, det er seil opp/ned, trim og skøyting heile tida.

Det var dette med sex ombord då ... litt kjøtt og en taktikar, takk.

Så var det Piano då. Ho går som sagt ofte bittelitt fortare enn oss og ved runding Teistane er vi temmelig likt, i lag med en gedigen 43-fotar, lurer på om det er ein Hanse frå Bergen Seilforening? Jada, kult å vera likt.

Medvindseglas tilbake til Blia, Sverre, dvs Piano, prøver genaker

Får det ikkje heilt til, dermed psyker vi ut og let vera spinnaker. Tabbe!

Men det ser ikkje ut til at mange andre prøver seg heller, muligens Svein med Tina, dei er så langt bak at det er vanskeleg å ssjå kva dei gjer.

Etter endelig å ha fått skifta til største genaker og unisont ropt “styrbord” til ein “melges” eller var det ein “farr” på lens (herlig kjensle!) så var det kryss sydover igjen.

Okei, kansje litt for mykje segl, men eg byrjar å bli sleten og protesterer litt. Ingen bønn, for mykje segl – 2 rev i storen FORT!

Artig kryss i lag med dei store båtane 5-6 slag, ein broach, eitt ufrivillig slag, atter ein “styrbod” mot ein sværing (Jippi!) så ser vi at Piano må rulla inn handkledet og putrar heim. Kjipt, det byrja å bli spenneande.

Lurer på hva som gjekk gale for Sverre.

Runding og dikkedering med spinnaker. I brist på friskt kjøtt tok det litt tid å få spinnakeren klar, men opp kom den og vi suste nordover, fra stakkarslege 5-6 knop utan til 7-8 knop med spinnaker. (Svein har ein annan målar enn oss, med “Sveinknop” blei det nok 10 knop). Målgang og spinnaker ned med to mann i 25 knop vind kan bli spennande, men Terje roar det heilt ned og vi plukkar lugnt ned den raude filla og seglar heim.

Kor da gjekk? Tja, jo altså, Svein, du veit han vi nesten ikke såg på lensen, han slo oss med eitt minutt. I vår klasse tapte vi seiren til Miramis frå Milde med TO SEKUND!!!

os-seilforening.org finn du resultat og ein liten filmsnutt frå seglaset.

Gjett om vi skal vera raskare med spinnaker neste gang.
Hilsen Nissen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.