Sport | 23. feb. 2017

Betring å spora

Os reiste seg etter stortapet for Førde, men det heldt ikkje heilt inn mot andrelaget til Fana onsdag kveld.

Betring å spora
Bente Mjanger blei toppskårar med fire spelemål og to straffemål (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 23. feb. 2017 10:07

Laurdag gjekk Os på eit braktap mot den suverene serieleiaren Førde. Onsdag kunne jentene reise seg når dei reiste til Slåtthaughallen og bortekampen mot Fana 2.

– Det var mange, mange hakk opp får Førde-kampen. Vi gjer mykje bra, men har periodar der vi fell litt nedpå, noko som gjer at Fana rykker frå med fleire mål. På det meste ligg vi vel seks mål bak, men jentene reiser seg og tek igjen Fana.

– Eg skulle ønskt vi hadde klart å vera litt jamnare i prestasjonane gjennom kampen, for det tek mykje krefter å stadig skulle henta inn to, tre, fire mål, seier assistent-trenar Gitte Torp.

Fana - Os 25-23 (13-12)
Utv: Fana 2x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Pia Johansen 3, Gry Merete Nummedal, Tonje Hjertnes Rykkel, Emilie Halhjem 3, Hilde Kristine Røttingen, Line Hjelle Berentsen 4, Vibeke Ingebrigsten, Elise Hjelle, Bente Mjanger 6, Liv Pauline Lunde 2, Thiet Dang 4, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 1.

– Vi speler eigentleg ein god kamp, men må nok berre erkjenne at i går var Fana det lille hakket betre enn oss, avslutter Torp.

Os ligg trygt plassert på 3. plass i kvinnane sin 2. divisjon med fire kampar igjen av sesongen.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.