Lokal | 17. des. 2015

Bidreg til betre treningsforhold

Os MC og MX-klubb har fått 500.000 kroner til utviding av crossbana i budsjettet til Os kommune.

Bidreg til betre treningsforhold
Stor aktivitet i Kolskogen gjer behovet for ny og større bane stort (arkivfoto: KVB)
Cathrin Valestrandtorsdag 17. des. 2015 09:44

Leiar i klubben Jane Espeland visste ikkje at løyvinga var gått igjennom før Midtsiden opplyste om det.

– Det betyr veldig mykje for crossklubben at vi får desse pengane. Dei er med å realisera betre treningsforhold med større bane, seier Espeland.

Ventar på kontrakt

Det er likevel framleis nokre skjær i sjøen.

– Den endelege kontrakta mellom Forsvaret og Os kommune manglar framleis. Vi kan ikkje byrja å ta ned skog før denne er på plass, og før dette er i boks er det ikkje så mykje meir eg kan seia, seier Espeland.

Køyr for livet

Os MC og Mx-klubb er også involvert i «Køyr for livet», som rettar seg mot spenningssøkjande born og unge med interesse for motorsport og mekanikk.

Frå sentralt hald vert det satsa på tilbodet Køyr for livet. Samferdselsdepartementet opplyser i ei pressemelding at dei har løyvd 500.000 til Køyr for livet AS til eit nytt samarbeidsprosjekt med Trygg Trafikk.

Les òg: Veks seg inn i ny bane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.